Passage av Carpenters

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Passage
Studioalbum av The Carpenters
Språk engelsk
Utgjeve Oktober 1977
Innspelt 1977
Sjanger Pop, jazz, easy listening, adult contemporary, country
Lengd 39:09
Selskap A&M
Produsent Richard Carpenter/Associate Produsent - Karen Carpenter
The Carpenters-kronologi 
Live at the Palladium
(1976)
Passage Christmas Portrait
(1978)


Passage er det åttande studioalbumet til den amerikanske popduoen Carpenters. Det kom ut i 1977 og inneheldt hitsinglane «All You Get from Love Is a Love Song», «Calling Occupants of Interplanetary Craft» og «Sweet, Sweet Smile». The Carpenters-versjonen av «Sweet, Sweet Smile» (skriven av Juice Newton) vart plukka opp av countryradiostasjonar og duoen hamna på topp 10 på country-lista i USA våren 1978.

Albumet er eit steg i ei ny retning for gruppa og inneheld meir eksperimentelle songar som Klaatu-songen «Calling Occupants of Interplanetary Craft», som nådde 32. plassen i USA og topp 10 i fleire land internasjonalt.[1]) Albumet selde dårlegare enn dei førre albuma deira og vart det første som ikkje selde til gullplate i USA.

Dette er det einaste Carpenters-albumet (om ein ser bort frå julemusikkalbuma deira) som ikkje inneheld songar skrivne av Richard Carpenter eller John Bettis.

Bakgrunn og innspeling[endre | endre wikiteksten]

Før albumet vart spelt inn leitte Carpenters etter ein ny produsent, etter at bandet hadde blitt mindre populært og Richard Carpenters sleit med eit sovepilleproblem som gjekk ut over rolla hans som produsent.[1] I følgje Richard Carpenter «ville ikkje ein einaste større produsent arbeide med oss. Radio var ikkje lenger så venleg mot den type musikk som me laga, og for å være ærleg så ville det vere hardt å hoppe etter meg og det eg hadde fått til som produsent. Eg vart derfor verande produsent, men eg prøvde å gå laus på dette prosjektet frå ei ny side. Derfor vart songtypane på dette albumet noko anna enn på tidlegare album.»[1]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2/5 stars[2]
The Rolling Stone Album Guide2/5 stars[3]

Allmusic skildrar albumet som «beundringsverdig, sjølv om resultatet verken er minneverdig eller essensielt.»[2] «All You Get from Love Is a Love Song» vart skildra som «langt meir minneverdig...med ein rytme ein var vant til.»

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«B'wana She No Home»Michael Franks5:36
2.«All You Get from Love Is a Love Song»Steve Eaton3:47
3.«I Just Fall in Love Again»Steve Dorff, Larry Herbstritt, Harry Lloyd, Gloria Sklerov4:05
4.«On the Balcony of the Casa Rosada/Don't Cry for Me Argentina»Andrew Lloyd Webber, Tim Rice8:13
Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
5.«Sweet, Sweet Smile»Juice Newton, Otha Young3:02
6.«Two Sides»Scott E. Davis3:28
7.«Man Smart, Woman Smarter»Norman Span4:22
8.«Calling Occupants of Interplanetary Craft»Terry Draper, John Woloschuk7:06

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • «All You Get from Love Is a Love Song» (US Hot 100 #35, US Adult Contemporary #4) US 7" single (1977) – A&M 1940
  1. «All You Get from Love Is a Love Song»
  2. «I Have You»
  • «Calling Occupants of Interplanetary Craft» (The Recognized Anthem of World Contact Day) (US Hot 100 #32, US Adult Contemporary #18) US 7" single (1977) – A&M 1978
  1. «Calling Occupants of Interplanetary Craft» (The Recognized Anthem of World Contact Day)
  2. «Can't Smile without You»
  • «Sweet, Sweet Smile» (US Hot 100 #44, US Adult Contemporary #7, US Country #6) US 7" single (1978) – A&M 2008
  1. «Sweet, Sweet Smile»
  2. «I Have You»
  • «Don't Cry for Me Argentina» CA 7" single (1978) – A&M 8629
  1. «Don't Cry for Me Argentina»
  2. «Calling Occupants of Interplanetary Craft» (The Recognized Anthem of World Contact Day)

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1977) Plassering
Australian Kent Music Report Album Chart[4] 48
Canadian RPM Album Chart[5] 57
Japanske Oricon albumliste[6] 7
UK Album Chart[7] 12
USA Billboard Pop Album[8] 49

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Carpenters: Passage album, 1977
  2. 2,0 2,1 Passage av CarpentersAllmusic
  3. Brackett, Nathan; Christian Hoard (2004). The Rolling Stone Album Guide. New York City, New York: Simon and Schuster. s. 140. ISBN 0-7432-0169-8. 
  4. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  5. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». RPM. Henta 3. februar 2015. 
  6. a-カーペンターズ «Yamachan Land (Japanese Chart Archives) - Album Chart Daijiten - Carpenters» Check |url= value (hjelp) (på japansk). Original Confidence. 30. desember 2007. Henta 3. februar 2015. [daud lenkje]
  7. «Chart Stats - Carpenters - Passage». UK Album Chart. Arkivert frå originalen (PHP) 19. januar 2013. Henta 3. februar 2015. 
  8. Allmusic Carpenters > Passage > Charts & Awards > Billboard Album