Passengers av Elton John

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Passengers
Singel av Elton John
frå albumet Breaking Hearts
B-side Lonely Boy
Utgjeve August 1984
Innspelt Desember 1983
Sjanger
Lengd 3:24
Selskap Rocket (Storbritannia)
Låtskrivar(ar)
Produsent Chris Thomas
Elton John-kronologi
«Sad Songs (Say So Much)»
(1984)
Passengers «Who Wears These Shoes»
(1984)


«Passengers» er ein song av Elton John som kom ut i 1984 på albumet hans Breaking Hearts.

Songen vart gjeven ut på singel og nådde femteplassen på den britiske singellista og topp 10 i Australia, men vart ikkje gjeven ut i USA. Han vart skriven av John, Bernie Taupin og Davey Johnstone. Musikken til songen var stort sett basert på ei sørafrikansk folkevise kalla «Isonto lezayone», som vart spelt inn i 1963 av Phineas Mkhize. Fløyteriffet og melodien på refrenget kom frå denne visa, og Mkhize er oppført som låtskrivar. Fram til då hadde ikkje så mange personar vore ført opp som låtskrivarar på ein Elton John-song, men talet vart forbigått av «Wrap Her Up» året etter.

Songen vart inkludert i 1990 på den britiske samleplata The Very Best of Elton John.

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Musikkvideoen vart regissert av Simon Milne, vart filma i St. Tropez i Frankrike. Bernie Taupin deltok i musikkvideoen.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]