Passiva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Passiva (eintalsform passivum; engelsk liability) er eit regnskapsuttrykk for rekneskapspostar som inngår på kreditsida i balanserapporten, det vil seie eigenkapital- og gjeldspostar, i eit føretak. Passivasida ligg til høgre i balanserapporten, medan motsatsen aktiva ligg til venstre.[1][2]

I tradisjonelle rekneskapsoppstilingar deler ein passivasida i eigenkapital og gjeld, der eigenkapital vidare kan delast inn i innskoten eigenkapital og opptent eigenkapital. Gjeld delar ein vidare inn i avsetning for forpliktingar, anna langsiktig gjeld og kortsiktig gjeld.[1] Skiljet mellom kortsiktig og langsiktig gjeld, her inkludert forpliktingane, følgjer same retningsliner som for skilje mellom anleggsmiddel og omløpsmiddel.[1]

Skiljet mellom «anna langsiktig gjeld» og «avsetning for forpliktingar» går kort sagt ut på at førstnemnde er krav retta mot verksemda via ein transaksjon med eksterne partar, typisk ein lånetransaksjon eller ei anna form for finansieringstransaksjon.[1] «Avsetning for forpliktingar» er bokføringar som oppstår på bakgrunn av verksemda sine driftsrelaterte aktivitetar, som t. d. pensjonsforplikting, utsett skatt, restrukturering av verksemda eller avsetning til utgifter forbundne med fjerning av produksjonsfasilitetar etter fullenda utvinning.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Gårseth-Nesbakk, Levi (3. januar 2017). «Passiva: bokføring». Store norske leksikon. Henta 11. april 2017. 
  2. «Passiva». Store norske leksikon. 22. juli 2014. Henta 11. april 2017.