Pasvikelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pasvikelva
elv
Harefossen i Pasvikelva, nokre kilometer sør for Boris Gleb. Biletet er tatt mot nordaust og Russland ligg på andre side av elva.
Land  Finland,  Noreg  Russland
Nedslagsfelt 18 404 km²
Lengd 145 km
Middelvassføring 180 /s
Kjelde Enare i Finland
 - høgd 118 moh.
Munning Varangerfjorden
 - høgd moh.
Kart
Pasvikelva
69°40′53″ N 30°6′37″ E
Wikimedia Commons: Paatsjoki

Pasvikelva (russisk Патсойоки, Patsojoki, eller Паз, Paz, finsk Paatsjoki, samisk Báhčeveaijohka) er ei elv som renn frå innsjøen Enare i Finland og munnar ut i Varangerfjorden. Elva er 145 km lang, og 112 km av elva dannar riksgrensa mellom Noreg og Russland. Elva drenerer eit nedbørsfelt på 18 404 km². Vassdraget vert rekna som det nest største i Noreg etter Glomma, sjølv om storparten av nedbørsfeltet ligg i Finland.

Bøkfjordbrua kryssar elva i Sør-Varanger.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]