Pat Hare

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pat Hare
Fødd20. desember 1930(1930-12-20)
FødestadCherry Valley i Arkansas i USA
Død26. september 1980 (49 år)
DødsstadSaint Paul i Minnesota i USA
FødenamnAuburn Hare
OpphavUSA
AktivTidleg i 1950-åra til 1962
SjangerBlues, elektrisk blues, rock
InstrumentSong, gitar, elektrisk gitar
Tilknytte artistarHowlin' Wolf, James Cotton, Muddy Waters, Bobby Bland, Junior Parker, Blue Flames
PlateselskapSun Records
Verka somMusikar og låtskrivar

Auburn «Pat» Hare[1][2] (20. desember 193026. september 1980)[3] var ein amerikansk elektrisk bluesgitarist og songar innan Memphis-blues.[4] Den kraftig forvrengde, powerakkord–drivne elektriske gitarmusikken tidleg i 1950-åra vert rekna som ein viktig føregjengar for heavy metal.[5] Gitararbeidet hans for Little Junior's Blue Flames hadde stor innverknad på rockabilly,[6] og gitarspelinga hans på bluesinnspelingar for artistar som Muddy Waters inspirerte den britiske bølgja av bluesrockband i 1960-åra som The Rolling Stones og The Yardbirds.[5]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Hare var fødd i Cherry Valley i Arkansas.[3] Han spelte inn musikk i Sun Studio i Memphis i Tennessee, og var sidemann for Howlin' Wolf, James Cotton, Muddy Waters, Bobby Bland og andre artistar.[3] Hare var ein av dei første gitaristane som brukte forvrenging i spelinga si.[4]

I 1951 vart han med i eit bluesband skipa av Junior Parker, kalla Little Junior's Blue Flames.[7] Han spelte gitarsoloen på «Love My Baby» (1953), som seinare inspirerte rockabilly-stilen.[6] Ein av dei største hittane deira var «Next Time You See Me»,[8] som i 1957 nådde femteplassen på Billboard R&B-lista og 74. plassen på Billboard Hot 100-lista.[9]

Gitarsoloen hans på James Cotton sin elektriske bluessong «Cotton Crop Blues» (1954) var den første gongen kraftig forvrengde powerakkordar vart brukt, eit element som er mykje brukt i heavy metal. Robert Palmer sa «Sjeldan har ein grovare, ufyseleg og meir rasande elektrisk gitar blitt fanga på plate, verken før eller sidan, og Hare brukar til stadig to nedovermodulerande powerakkordar. Den andre akkorden får henge trugande i lufta. Er dette den første heavy metal-innspelinga? Eg vil sei ja, med berre eit lite glimt i auge.»[5] Den andre sida på singelen var «Hold Me in Your Arms». Begge songane hadde «ein gitarstil som var så overdriven at med den historiske avstanden på fleire tiår høyrest det no ut som ei direkte linje til dei grove, forvrengde tonane i dagens moderne rock». I følgje Allmusic, «det som i dag er lett tilgjengeleg for ein 16-åring med å berre slå på ein effektpedal, fekk Hare til med fingrane sine og med å skru volumet på hans vesle Sears & Roebuck forsterkar heilt opp til høgtalaren skreik.»[4]

Hare skal ha vore ein beskjeden mann privat, men hadde eit alvorleg alkoholproblem.[4] Kort tid etter innspelinga av «Cotton Crop Blues» spelte han inn ein versjon av Doctor Clayton-song «I'm Gonna Murder My Baby» den 14. mai 1954, som sidan vart gjeven ut på samlealbumet Blue Flames: A Sun Blues Collection. Denne innspelinga inneheld òg powerakkordar, som er «heilt grunnleggjande i moderne rock». I følgje Robert Palmer er denne songen «så tung som det får blitt»[5] I følgje teksten i albumomslaget er «I'm Gonna Murder My Baby» (som tyder «Eg skal myrde kjærasten min») «dobbelt så morbid fordi han gjorde nettop det». I desember 1963 skaut og drap Hare kjærasten sin, før han skaut politimannen som kom for å undersøkje.[10] Då han vart arresterte spelte han inn i bluesbandet til Muddy Waters. Han vart erstatta av gitaristen James «Pee Wee» Madison.[4][11] Hare sat dei siste 16 åra av livet sitt i fengsel, der han skipa bandet Sounds Incarcerated.[10] Han døydde av lungekreft i fengsel og døydde i 1980 i Saint Paul i Minnesota.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Pat Hare Discography». Discogs.com. Henta 18. februar 2018. 
  2. «Pat Hare». Allaboutbluesmusic.com. 26. september 2013. Henta 18. februar 2018. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Doc Rock. «The 1980s». The Dead Rock Stars Club. Henta 18. februar 2018. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 Koda, Cub. «Pat Hare». Allmusic. Henta January 25, 2010. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Palmer, Robert (1992). «Church of the Sonic Guitar». pp. 13–38 in Anthony DeCurtis, Present Tense, Duke University Press. pp. 24–27. ISBN 0-8223-1265-4.
  6. 6,0 6,1 Gillett, Charlie (1984). The Sound of the City: The Rise of Rock and Roll (Rev. utg.). New York: Pantheon Books. ISBN 0394726383. Henta 18. februar 2018. «Love My Baby» in particular featured some blistering guitar playing by Pat Hare, which inspired the rockabilly style.... 
  7. «The Blues. Blues Road Trip. Memphis and St. Louis». PBS. Henta 18. februar 2018. 
  8. Vera, Billy (1992). Junior's Blues – The Duke Recordings Volume One (liner notes). Duke/MCA. s. 4–5. MCAD-10669. 
  9. Whitburn, Joel (1988). Top R&B Singles 1942–1988. Record Research. s. 319. ISBN 0-89820-068-7. 
  10. 10,0 10,1 Gordon, Robert (2003). Can't Be Satisfied: The Life and Times of Muddy Waters. Back Bay Books. s. 174–175. ISBN 0-316-16494-1. 
  11. Gordon, Robert (2003). Can't Be Satisfied: The Life and Times of Muddy Waters. Back Bay Books. s. 202–203. ISBN 0-316-16494-1. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]