Pat Jennings

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pat Jennings
Personleg informasjon
Fullt namn Patrick Anthony Jennings
Fødd 12. juni 1945 (78 år)
Fødestad Newry i Nord-Irland
Høgd 183 cm
Posisjon Målvakt
Ungdomsklubbar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1963–1964 Watford 48 (0)
1964–1977 Tottenham Hotspur 472 (0)
1977–1985 Arsenal 237 (0)
1985–1986 Tottenham Hotspur 0 (0)
1986 Everton 0 (0)
Totalt 757 (0)
Landslag
1964–1986[1] Nord-Irland 119 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Patrick Anthony Jennings (fødd 12. juni 1945) er ei nordirsk tidlegare fotballmålvakt. Han spelte 119 landskampar for Nord-Irland over ein periode på 22 år. Jennings deltok i over 1000 kampar på toppnivå.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Jennings vakta målet til tredjedivisjonslaget Watford FC i 1963/64-sesongen. Sommaren 1964 vart han overført til Tottenham Hotspur mot 27 000 pund. Dei neste 13 åra var han målvakt i 591 obligatoriske klubbkampar for London-laget. Han var med om å vinne FA-cupen 1967, ligacupen 1971, UEFA-cupen 1972 og ligacupen 1973.

I august 1977 vart Jennings overført til byrival Arsenal FC, eit lag som sigra i FA-cupen 1979 med 3-2 over Manchester United, men elles gjekk på finaletap i FA-cupen 1978, FA-cupen 1980 og Cupvinnarcupen 1980. 26. februar 1983 vart han den fyrste spelaren i engelsk fotball med 1000 offisielle kampar. Han la opp i 1986.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Jennings landslagsdebuterte 15. april 1964 då Nord-Irland på bortebane vann 3-2 over Wales. Han spelte alle fire kampane til Nord-Irland under VM i fotball 1982 og alle tre kampane i Fotball-VM 1986. I sin aller siste fotballkamp, 12. juni 1986 i Guadalajara mot Brasil, måtte Jennings hente ballen or nettmauskane tre gongar, hans eigne landslagskameratar makta ikkje skåre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Patrick "Pat" Jennings - Century of International Appearances». The Rec.Sport.Soccer Statistics Foundation.