Pat Mastelotto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pat Mastelotto
Patmastelotto2010.JPG
Pat Mastelotto på scenen i 2010.
Verkeleg namn Lee Patrick Mastelotto
Instrument Trommer, perkusjon
Sjanger Progressiv rock, jazz-fusion, poprock
Yrke Musikar
Tilknytte artistar Mr. Mister, King Crimson, HoBoLeMa
Nettstad www.patmastelotto.com

Lee Patrick «Pat» Mastelotto (fødd 10. september 1955) er ein trommeslagar som har arbeidd med mellom andre Mr. Mister og King Crimson.[1] For King Crimson var han først ein del av ein «dobbel trio» der òg Bill Bruford spelte trommer.

Mastelotto flytta til Los Angeles i 1970-åra og starta som studiomusikarar. I denne stillinga arbeidde han med Martin Briley, Holly Knight, Scandal, Al Jarreau, The Pointer Sisters, Patti LaBelle, Kenny Loggins, Martika, Danny Wilde og Kim Mitchell.

I 1983 var Mastelotto med på å danne Mr. Mister. Bandet hadde mellom anna hitalbumet Welcome to the Real World og to store hitsinglar, «Broken Wings» og «Kyrie». Dei spelte inn fire album.

Etter Mr. Mister arbeidde Mastelotto som studiomusikar igjen for band som XTC, The Sugarcubes, Hall & Oates, Cock Robin, The Rembrandts, Jude Cole, Eddie Money, Tina Arena, Matthew Sweet, Julia Fordham, Robyn Hitchcock og David Sylvian. I 1991 var Mastelotto medprodusent på det første soloalbumet til Peter Kingsbery, før han vart beden om å bli med i King Crimson.

Mastelotto har vore medlem av King Crimson sidan 1994, og er med på over tjue King Crimson-album og mange musikkvideoar. Han har òg spelt på mange av King Crimson sine ProjeKcts-utgjevingar.

Han har halde fram som gjestemusikar for andre artistar og arbeidd med Jay Terrien, Cock Robin, trommeslagar Terry Bozzio, Mecca, Herd of Instinct, Tony Levin og California Guitar Trio, samt arbeid med solomateriale. Han er òg medlem av dei progressive og eksperimentelle banda TU (i lag med King Crimson-medlem Trey Gunn) og KTU (med Trey, Kimmo Pohjonen og Samuli Kosminen), og Tuner;[2] ei8n duett med Markus Reuter som har gjeve ut fire album og spelt mange konsertar.

I 2007 drog Mastelotto på turné med The Flower Kings i Europa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hayes, Kelvin. «Biography: Pat Mastelotto». AMG. http://www.allmusic.com/artist/p102668. Henta 14 May 2010. 
  2. http://www.myspace.com/tunertunes Official Tuner MySpace

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]