Patchellhytta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Patchellhytta

Patchellhytta er ei turisthytte på Sunnmøre. Ho ligg vest i Habostaddalen i Stranda kommune, ved kommunegensa til Ørsta kommune. Hytta ligg rett aust for Slogen, på ca 810 moh.

Den opphavlege hytta, som delvis vart kosta av Charles W. Patchell, var ei lita steinhytte. Ho blei brukt av Patchell og andre som utgangspunkt for turar til fjelltoppane i området. I 1964 blei det bygd ei ny og større hytte. Ho blei restaurert og utvida i 1996 slik at ho no har 23 senger. Hytta er eigd og blir driven av Ålesund-Sunnmøre Turistforening. Hytta har ikkje tilsette.

Hytta er greitt tilgjengeleg opp den bratte Skylstadbrekka frå Skylstad i Norangsdalen. Ein annan fin tur er frå Urke gjennom Langseterdalen. Minst stigning og dermed lettast er det frå Habostaddalen, der det går bomvegar fram til Liasetra og Habostadsætra i om lag 420 m høgde. Det er lett å gå derifrå.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Patchellhytta hos Den Norske Turistforening på nettet

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.