Hopp til innhald

Paternalisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Paternalisme er makta ein person eller stat har over andre menneske. Ordet tyder formynderi og kjem frå det latinske ordet pater som tyder «far». Poenget er at ein skal forhindra menneske i å taka irrasjonelle avgjersler, ved å tvinga folk til å hjelpa seg sjølv igjennom lover.[1] Innanfor medisin tyder uttrykket at helsepersonell avgjer kva som er best for pasienten.[2]

Mjuk og hard paternalisme

[endre | endre wikiteksten]

Ein kan skilja mellom mjuk og hard paternalisme. Mjuk paternalisme handlar om å fråråda, medan hard paternalisme handlar om å tvinga endring hjå ein person.[3] Dersom ein person skulle gå over ei farleg bru, er det forskjell på om ein fråråder eller om ein fysisk nektar personen å gå over.

Paternalistisk stat – «Nanny State»

[endre | endre wikiteksten]

Alle land i verda er i ymse grad paternalistiske statar. Statane innfører påbod og forbod som hindrar borgarane i å utføra ymse handlingar som kan ha negative mentale, fysiske eller økonomiske konsekvensar for vedkomande. Paternalistiske lover kan vera påbod om setebelte og redningsvest eller ansvarsforsikring, eller forbod mot:

Anti-paternalisme

[endre | endre wikiteksten]

Liberalistar meiner velferdsstatar er paternalistiske statar som hindrar borgarane i å leva liva deira. I tillegg til lover, tvingar velferdsstatane menneske til å hjelpa seg sjølve gjennom skattar for å finansiera pensjon, trygder og helsetenester. Ifylgje liberalistane skal ikkje staten fungera som eit moralsk politi for å verna borgarane mot mentale, fysiske eller økonomiske konsekvensar.

«Einkvar har sin rett til å leva sitt liv – til helvete på sin måte» – David D. Friedman.[4]

John Locke meinte så lenge ein person ikkje gjorde harm mot andre personar, kunne han få lov til å leva slik han måtte ynskje.[5]

  1. Dworkin, Gerald (2020). Zalta, Edward N., red. «Paternalism». Metaphysics Research Lab, Stanford University. 
  2. Winther, Finn Ø (8. november 2021). «paternalisme». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  3. «Paternalisme - Politisk ordbok - Civita, den liberale tankesmien», Civita (på norsk bokmål), henta 9. desember 2022 
  4. David Friedman. THE MACHINERY OF FREEDOM GUIDE TO A RADICAL CAPITALISM – second edition (PDF). 
  5. Eric Mack (2019). The Essential – John Locke (PDF).