Paternosterverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Døme på ein gamal type mudringsmaskin med paternosterverk
Paternosterverk nytta i gruvedrift

Paternosterverk er ein type gravemaskin eller ein transportreiskap der gravereiskapen eller trasportinnretninga er ei rad med skålar eller anna som er festa med jamne mellomrom til ei kjede eller eit band som går i ei endelaus langsmal sløyfe med eine enden ned i den massen eller dei gjenstandane som skal gravast opp eller flyttast, og andre enden i eit lasterom der massen eller gjenstandane skal plasserast.

Nemninga paternosterverk skriv seg frå den likskapen verket har med ei kristen bønekjede (rosenkrans), som vert nytta til mellom anna til å ramse opp bøna «Pater noster», latin for bøna «Fader vår».

Paternosterverk vert mellom anna nytta som graveinnretningar under mudringsarbeid der lausmasser som til dømes mudder, silt eller sand skal takast vekk.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]