Patrice Bailly-Salins

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Patrice Bailly-Salins


Statsborgarskap Frankrike
Fødd 21. juni 1964 (59 år)
Morez
Idrett skiskyting
Tok del i

Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1998, Skiskyting under Vinter-OL 1994 – Stafett menn

Patrice Bailly-Salins (fødd 21. juni 1964) er ein fransk tidlegare skiskyttar frå Morez i Franche-Comté som i 1994 vann verdscupen i skiskyting, og året etter vart verdsmeister i sprintøvinga.

Bailly-Salins debuterte i verdscupen i 1988. Han tok steget opp i verdseliten i 1992-sesongen, mellom anna ved å vinne 20 km i Pokljuka. Det var hans fyrste av sju rennsigrar i verdscupen i åra fram til 1995. Til saman oppnådde han 11 pallplasseringar i verdscuprenn.

Under vinterleikane på Lillehammer i 1994 gjekk han den andre etappen på det franske laget som vann bronse i 4 x 7,5 km stafett. Året etter sikra dei same fire utøvarane; Lionel Laurent, Bailly-Salins, Thierry Dusserre og Herve Flandin, sølvmedalje til Frankrike i VM-stafetten i Antholz. I same meisterskapen, VM i skiskyting 1995, vann Bailly-Salins gullmedaljen i 7,5 km sprint i ein sekundstrid med tre andre utøvarar. Trass i at han måtte ut i ein strafferunde slo han andremann, russaren Pavel Muslimov, med 1,9 sekund. Både sølv- og bronsevinnar hadde ti treff.

Etter 1995-sesongen hamna Bailly-Salins oftast langt nede på resultatlistene, og han la opp etter OL-sesongen 1998.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]