Prins Patrick-øya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Patrickøya)
Prins Patrick-øya
øy
Prince Patrick Island 2022-08-29 Sentinel-2 L2A Highlight Optimized Natural Color.jpg
Land Flag of Canada (Pantone).svg Canada
Del av Det kanadiske polararkipelet

Patrickøya
76°45′ N 119°30′ W
Wikimedia Commons: Prince Patrick Island
Kart over det kanadiske Arktis, med Patrickøya skravert i raudt
Kart over Patrickøya

Prins Patrick-øya (engelsk Prince Patrick Island) er ei øy i det kanadiske Arktis på mellom 76 og 78 grader nordleg breidd og 116 til 123 grader vestleg lengd. Øya, som er den vestlegaste av Elisabetøyane, høyrer til Nordvestterritoria i Canada. Ho har eit totalt flatemål på 15 848 km². Nærast granneøyane, Eglintonøya og Melvilleøya, ligg i søraust. Øya ligg innefrosen heile året, noko som gjer henne til ein av dei mest utilgjengelege delar av Canada. Øyas høgste punkt ligg 279 meter over havet. Patrickøya er folketom.

Øya ligg ved innløpet til McCluresundet. Ein arktisk verstasjon kalla Mould Bay vart opna i 1948 som del av eit militært samarbeid mellom Canada og USA. Verstasjonen var ein av mange i eit nett av liknande som skulle dekke polarområda.

Regulære vêrobservasjonar tok til i mai 1948. Staben på stasjonen bestod av mellom 10 og 40 personar, alt etter kva forskingsarbeid som stod føre. Stasjonen vart stengd i 1997 og erstatta med ein automatisert vêrstasjon plassert ved flystripa nedom den avfolka stasjonen. Stasjonen hyste den einaste kjende, langvarige busetjinga på øya.

Patrickøya vart fyrste gongen utforska i 1853. Ho er oppkalla etter den britiske prinsen som var generalguvernør i Canada i perioden 1911-16.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]