Patrick O'Hearn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Patrick O'Hearn

Patrick O'Hearn spelar i HBO-serien Treme i februar 2011
Fødd6. september 1954 (69 år)
FødestadLos Angeles
FødenamnPatrick O'Hearn
OpphavUSA
Aktiv1969 til i dag
SjangerInstrumental, elektronisk, rock, jazz
Instrumentbass
PlateselskapColumbia Records, Capitol Records, Private Music, BMG, Deep Cave, Patrick O'Hearn Music
Verka somMusikar, komponist

Patrick O'Hearn (fødd 6. september 1954) er ein amerikansk multiinstrumentalist, låtskrivar og plateartist. Det musikalske repertoaret hans dekkjer mange musikkstilar og han er mellom anna ein respektert new age-artist. Han har så langt gjeve ut 13 soloalbum.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Tidlege år[endre | endre wikiteksten]

O'Hearn var fødd i Los Angeles i California og voks opp i Pacific Northwest. Han byrja den profesjonelle musikkarrieren sin 15 år gammal då han vart me i Musicians Union og byrja å spele på nattklubbar i Portland. Då han var ferdig med Sunset High School i 1972, flytta han til Seattle i Washington. Der gjekk han på Cornish College of the Arts og gjekk i lære hos bassisten Gary Peacock.

I 1973 flytta han til San Francisco og vart ein del av jazzmiljøet i Bay Area og spelte bass for artistar som Charles Lloyd, Joe Henderson, Dexter Gordon, Joe Pass, Woody Shaw, Eddie Henderson og Bobby Hutcherson, i tillegg til yngre musikarar som Terry Bozzio, Mark Isham og Peter Maunu.

Medan han var på turné i Los Angeles i 1976 møtte O'Hearn musikaren Frank Zappa, som tilbauyd han jobben som bassist i bandet sitt - noko han gjorde dei to neste åra. I denne perioden skifta O’Hearn frå akustisk bass til elektrisk bassgitar (noko arrangementa til Zappa kravde) og han vart aukande interessert i elektronisk musikk. Zappa oppfordra O’Hearn til å utforske den store samlinga hans av synthesizerar, og introduserte han for dei tekniske sidene med intrikat fysisk lydbandredigering som ein produksjonsteknikk (før datamaskinar gjorde dette for ein), lydteknikk og heimestudioutstyr.

I 1979 slo O'Hearn seg saman med trompetisten Mark Isham og gitaristen Peter Maunu og danna Group 87, eit badn som var inspirert av dei tidlege innspelingane til Weather Report, Kraftwerk og minimalismen til Brian Eno. Sjølv om dei berre produserte to plater - Group 87 i 1980 og A Career in Dada Processing i 1984 — var Group 87 med på å styre den musikalske retninga solokarrieren til O'Hearn fekk. Både Isham og Maunu vart viktige samarbeidspartnarar på fleire av soloplatene til O'Hearn.

1980-åra og solokarriere[endre | endre wikiteksten]

I 1981 vart trommeslagaren og tidlegare Zappa-bandmedlem Terry Bozzio invitert av O’Hearn til å danna eit new wave-band, Missing Persons i lag med gitairtsen på fleire Zappa-album, Warren Cuccurullo og Dale Bozzio, som hadde sunge på fleire Zappa-produksjonar og nettopp gifta seg med Terry. O'Hearn skifta no frå elektrisk bass til synthesizerar. Missing Persons spelte inn tre album for Capitol Records: Spring Session M (1982), Rhyme & Reason (1984), and Color In Your Life (1986). Bandet vart oppløyst tidleg 1986 og O'Hearn og Terry Bozzio vart med den tidlegare Duran Duran-gitaristen Andy Taylor og den tidlegare Sex Pistols-gitaristen Steve Jones for albumet Thunder (1987), og ein kort turné. Sjølv om både Terry Bozzio og Warren Cuccurullo seinare medverka til fleire av soloalbuma til O'Hearn, ønskte ikkje O'Hearn å delta i gjenforeininga av Missing Persons i 2001.

Solokarrieren til O'Hearn vart i stor grad driven fram av det tidlegare Tangerine Dream-medlemmet Peter Baumann, som hadde starta eit nytt plateselskap for progressiv instrumentalmusikk - ein nisje som Group 87 tidlegare hadde utforska. Baumann skipa Private Music seint i 1984, og signerte kontrakt med O'Hearn (med Mahavishnu Orchestra-fiolinisten Jerry Goodman, Roxy Music-klaverspelaren Eddie Jobson, og seinare Yanni og Suzanne Ciani), og produserte debutplata til O'Hearn, Ancient Dreams (1985).

Signaturelement som dominerte Ancient Dreams var tilfeldige perkusjoninstrument, hypnotiske bassgitar-mønster, synthesizedpad og minimalistiske harmoniar. O'Hearn la ofte til jazzelement, særleg ved hjelp av bassgitar (ofte ein bandlaus bass) som hovudstemme.

O'Hearn følgde opp Ancient Dreams med to album - Between Two Worlds (1987), som gav han sin første Grammy-nominasjon, og Rivers Gonna Rise (1988). Albuma vart gradvis lysare i tonen etter kvart som O'Hearn vart meir spelt på jazz- og new age-radiostasjonar. O'Hearn produserte òg musikk for gitaristen Colin ChinIntruding on a Silence, med Mark Isham på trompet.

Det fjerde albumet, Eldorado (1989), gjekk inn i verdsmusikk-sjangeren - og blanda stilen til O'Hearn med rytmar og klangar frå Sør-Amerika og Midtausten.

Han skreiv òg musikk for den niande og siste sesongen av fjernsynsserien Falcon Crest.

1990-åra[endre | endre wikiteksten]

Eit album av techo-miksar kalla Mix Up vart gjeven ut av Private Music i 1990, med bidrag frå populære musikkprodusentar, inkludert David Frank, Joe «The Butcher» Nicolo og Carmen Rizzo Jr. Mix Up fekk dårleg kritikk og selde dårleg, og var lenge ute av opplag. Albumet vart gjeven ut at O'Hearn kjende til det.

Eit stort vendepunkt i O'Hearn skjedde med utgjevinga av Indigo (1991). Det vart omtalt av selskapet som «In the tradition of Ancient Dreams», O'Hearn nytta mindre synthesizer og fokuserte i staden på å manipulere rom, akustikk og tekstur til å skape eit album med ein samanhengande tone.

I 1992 skreiv O'Hearn musikken for White Sands, ein politi-thriller med Willem Dafoe og Samuel L. Jackson. Seinare det året skreiv han musikk for Silent Tongue, skriven og regissert av Sam Shepard med Alan Bates, Richard Harris, River Phoenix og Dermot Mulroney.

Etter fire år utan soloalbum og hovudsakleg fokusert på filmmusikk, gav O'Hearn Trust i 1995 på det nydanna selskapet Deep Cave. Her hadde han med seg David Torn og tidlegare bandkollegaer Terry Bozzio og Warren Cuccurullo. O'Hearn vart nominert til Grammy-prisen for Trust. Kort tid etter gav han ut Metaphor (1996). I 1996 kom òg musikken til filmen Crying Freeman,

2000-åra[endre | endre wikiteksten]

Det neste soloprosjektet til O'Hearn, So Flows the Current (2001), var innspelt i løpet av tre år, frå 1997 til 2000, med studiomusikarar og ikkje i så stor grad elektronisk musikk.

Beautiful World kom ut i 2003 og vart kåra til årets album av det nasjonale radioprogrammet Echoes. Dette vart følgd opp av Slow Time i 2005, der O'Hearn eksperimenterte med modernistisk musikk - inkludert referansar til Steve Roach og Pierre Boulez.

I 2007 gav O'Hearn ut plata Glaciation, inspirert av bilete frå polarstrøka. Sommare det året spelte O'Hearn bass på John Hiatt-albumet Same Old Man. Hiatt bad han så med seg i bandet sitt og hans pelte på den påfølgjande turneen til Hiatt og fram til 2010 og var med på følgjande innspelingar: The Open Road - 2010, Dirty Jeans and Mudslide Hymns - 2011 og Mystic Pinball - 2012.

2010-åra[endre | endre wikiteksten]

Det 13. albumet til O'Hearn, Transitions, kom ut digitalt i 2011 og på CD seinare på året.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Soloalbum[endre | endre wikiteksten]

Utgjeving Tittel Selskap
1985 Ancient Dreams Private Music
1987 Between Two Worlds Private Music
1988 Rivers Gonna Rise Private Music
1989 Eldorado Private Music
1991 Indigo Private Music
1995 Trust Deep Cave
1996 Metaphor Deep Cave
2001 So Flows the Current Patrick O'Hearn
2003 Beautiful World Patrick O'Hearn
2005 Slow Time Patrick O'Hearn
2006 The So Flows Sessions Patrick O'Hearn
2007 Glaciation Patrick O'Hearn
2011 Transitions Patrick O'Hearn

Filmmusikk[endre | endre wikiteksten]

Utgjeving Tittel Selskap
1992 White Sands Morgel Creek
1996 Crying Freeman Ariola
2006 The Wheelhouse (iTunes)
2006 Simpatico (iTunes)

Ikkje utgjeven filmmusikk[endre | endre wikiteksten]

Film utgjeve Tittel
1988 Destroyer
1989-90 (TV-serie) Falcon Crest - Season 9
1991 Heaven is a Playground
1993 Silent Tongue
1993 Father Hood
1995 (TV-film) As Good as Dead
1999 (TV-film) Alien Cargo
2000 (TV-film) Border Patrol

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]