Hopp til innhald

Patrick Roest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Patrick Roest


Statsborgarskap Kongeriket Nederlanda
Fødd 7. desember 1995 (28 år)
Lekkerkerk
Idrett lengdeløp på skeiser
Tok del i

Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2022 – Lagtempo menn, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2022 – 10000 meter menn, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2022 – 5000 meter menn

Patrick Roest (fødd 7. desember 1995) er ein nederlandsk skeiserennar som vart verdsmeister i firkamp åra 2018, 2019 og 2020.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

I mars 2017 vart Roest andremann i Skeise-VM på Hamar, sigeren gjekk til landsmannen Sven Kramer. Året etter vann Roest sølvmedaljen på 1500 m og ein bronsemedalje i lagtempo under Vinter-OL 2018 i Pyeongchang. Tre veker seinare vart han verdsmeister i firkamp på heimebane i Amsterdam. Ved europameisterskapen 2019 kom han på andreplass, like bak Sven Kramer. Under verdsmeisterskapen på enkeltdistansar i Inzell fekk han sølv både på 5 000 og 10 000 m. I mars 2019 vart han verdsmeister i Calgary, etter at norske Sverre Lunde Pedersen fall på 10 000 meter. Vinteren 2020 i Heerenveen tok Roest bronse på 1500 m og gull i lagtempo og 5 000 m i EM på enkeltdistansar. Sidan i sesongen vart han på Hamar verdsmeister i firkamp for tredje året i rad. 2021-sesongen vann han bronse på 1500 m, sølv på 5 000 m, og gull i lagtempo ved VM i enkeltdistansar i Heerenveen. Under Vinter-OL 2022 i Beijing vann han sølvmedaljane på 5 000 m og på 10 000 meter. Han vart andremann også i verdsmeisterskapen på Hamar. I alle desse tre tevlingane måtte han sjå seg slått av svenske Nils van der Poel. Vinteren 2023 vart Roest europameister på Hamar, og han vann gull på 5 000 m og i lagtempo ved VM i enkeltdistansar i Heerenveen. Vinteren 2024 gjekk han i mål til gullmedalje på 5 000 meter både i enkeltdistanse-EM og enkeltdistanse-VM. I verdsmeisterskapen i firkamp enda han som sist på andreplassen.

Roest har sidan mars 2019 stått øvst på den såkalla Adelskalenderen. Pr 31. mars 2024 med poengsummen på 144,056.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]