Patrick Scott

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Patrick Scott
Statsborgarskap Irland
Fødd 24. januar 1921
Kilbrittain
Død

14. februar 2014 (93 år)
Ballsbridge

Yrke kunstmålar, arkitekt, grafikar
Medlem av Aosdána

Patrick Scott (24. januar 192114. februar 2014) var ein irsk kunstnar.

Patrick Scott blei fødd i Kilbrittain i County Cork i 1921.[1][2] Han hadde si fyrste utstilling i 1944, men utdanna seg som arkitekt og blei ikkje kunstnar på fulltid før 1960. Han arbeiddde i femten år for den irske arkitekten Michael Scott, og var mellom anna med på å teikna Busáras, den sentrale busstasjonen i Dublin. Han hadde også ansvaret utsjånaden til irske intercity-tog.

Scott var kanskje mest kjend for sine «gullmåleri», abstrakte bilete med geometriske former i bladgull mot ein bleik temperabakgrunn. Han laga også biletvev og teppe, mellom anna for Bank of Ireland, Europaparlamentet i Strasbourg og St. Paul's School i London.[3]

Måleria hans er del av fleire viktig samlingar, som Museum of Modern Art i New York. Han vann Guggenheim-prisen i 1960 og representerte Irland ved Venezia-biennalen i 1960. Douglas Hyde Gallery heldt ei stor retrospektiv utstilling av verket hans i 1981, og Hugh Lane Gallery i Dublin heldt ein større utstilling i 2002.

I oktober 2013 gifta Scott seg med partneren sin gjennom 30 år, Eric Pearce, i ein sivil seremoni ved Dublin Registry Office.[4]

11. juli 2007 blei Scott, som ein av grunnleggjarane av Aosdána, gjeven tittelen saoi, den høgaste æra ein irsk kunstnar kan få. Presidenten av Irland, Mary McAleese, utførte utnemninga. Ikkje meir enn sju levande personar kan ha denne æra til ei kvar tid.[5]

Scott døydde 14. februar 2014, 93 år gammal.[6]

I samband med hundreårsjubileet for fødselen hans, i 2021, gav det irske postvesenet An Post ut frimerke til minne om Scott. Dei viste verka hans Meditation 28 og Gold Painting 21.[7]

Verk i samlingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Scott, Patrick (b. 1921)». Dublin City Gallery The Hugh Lane. Henta 9 July 2010. 
  2. Who's who, what's what and where in Ireland. Zircon Publishing. 1973. s. 321. 
  3. «Stoney Road Press | Patrick Scott», www.stoneyroadpress.com, henta 20. januar 2021 
  4. Shanahan, Catherine (23. oktober 2013), «Artist Scott, 93, weds partner», Irish Examiner (på engelsk), henta 20. januar 2021 
  5. "Patrick Scott honoured at Aosdána ceremony" Arkivert 2012-11-03 ved Wayback Machine.. RTÉ. 11. juli 2007.
  6. «Renowned Irish artist Patrick Scott has died, aged 93». Irish Independent. 14. februar 2014. 
  7. Dunne, Aidan, «Patrick Scott: New An Post stamp marks centenary of the artist’s birth», The Irish Times (på engelsk), henta 20. januar 2021 
  8. «The Collection», web.archive.org, 10. desember 2004, arkivert frå originalen 10. desember 2004, henta 20. januar 2021 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]