Patrik Bodén

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Patrik Bodén
Statsborgarskap Sverige
Fødd 30. juni 1967 (56 år)
Värmland
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1992

Lars Patrik Bodén (fødd 30. juni 1967) er ein svensk tidlegare friidrettsutøvar frå Torsby kommun, kortvarig verdsrekordhaldar i spjutkast og bronsemedaljør i øvinga ved Friidretts-EM 1990.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Bodén sette verdsrekord med 89,10 meter ved eit stemne i Austin i delstaten Texas i USA den 24. mars 1990, ein rekord som også vart verande hans personbeste. Under europameisterskapen 1990 i Split i dåverande Jugoslavia eit lite halvår seinare kasta han som best 82,66 m, nok til å sikre seg bronsemedaljen i øvinga. I den neste europameisterskapen, i Helsinki i 1994, kom han fjerdeplass.

Bodén var svensk meister i spjutkasting frå 1992 til -95 og 1997-99.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]