Patrik Entian

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Patrik Entian
Fødd 1966 (55 år)
Yrke kunstnar

Karl Heinz Patrik Entian (f. 1966) er ein svensk biletkunstnar fødd i Karlstad, men busett i Noreg. Han er utdanna ved Kunstakademiet i Trondheim og har ein doktorgrad i måleri frå Kunsthøgskolen i Bergen, Avd Kunstakademiet (Stipendiatprogram for kunstnerisk utviklingsarbeid). Entian var lenge busett i Bergen, og bur og jobbar no i Drammen.

Entian arbeider med måleri og har mellom anna hatt separatutstillingar på Trondheim kunstmuseum, Bergen kunsthall no5, og maerzgalerie i Berlin og Leipzig. Han har laga utsmykkingar på Universitetet i Bergen (Institutt for media og informasjonsvitenskap), Universitetet i Oslo (IFI2), Vesta sitt hovudkontor i Bergen, GC Riebers-kontoret i Bergen samt Kalvatræet skole. Saman med biletkunstnar Aleksi Wildhagen driv Entian i tilegg samarbeidet -& Co. som er eit maleri-, poesi-, fotografi- og sosialt prosjekt som pågår utendørs.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]