Patriz Ilg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Patriz Ilg
Statsborgarskap Tyskland
Fødd 5. desember 1957 (66 år)
Aalen
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1984

Patriz Ilg (fødd 5. desember 1957) er ein tysk tidlegare hinderløpar frå Oberalfingen som representerte Vest-Tyskland. Han vart europameister 1982 og verdsmeister 1983 i 3000 meter hinder. Sin personlege rekord på 8.15,0 sette han då han vann VM-gullet.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Ilg var Vest-Tysklands beste hinderløpar i tiåret 1978-87 og vann øvinga i den nasjonale meisterskapen i 1978, 1980-82 og 1985-88. Under europameisterskapen 1978 tok han sølvmedaljen på ny vesttysk rekord, 8.16,9, borti to sekundar etter verdseinaren i hinderløping, polske Bronisław Malinowski, men klart framom bronsevinnaren. Ilg deltok ikkje i Sommar-OL 1980, ettersom Vest-Tyskland boikotta leikane.

I 1981-sesongen stod Ilg for årsbeste i verda i 3000 m hinder. Ved friidretts-EM 1982 spurta han på oppløpssida forbi dei to andre medaljevinnarane etter siste hinderet og vann gullmedaljen i tevlinga. Året etter gjorde han i Helsinki sitt livs snøggaste hinderløp under den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett, og vann ein klar siger. Under europameisterskapen 1986 på vesttysk heimebane i Stuttgart kjempa han drabeleg om sigeren med austtyske Hagen Melzer og italienaren Francesco Panetta, men måtte sjå seg slått av dei to med høvesvis 0,27 og 0,07 sekundar.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]