Patrouillen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Om Rævbælgerne, en nyere politisk Faction i Norge», ei side frå Patrouillen circa 1829 med ein karikatur av Karl III Johan av Noreg.

Patrouillen var eit opposisjonsblad utgitt i Christiania i tida 1824-32. Størstedelen av tida kom det som vekeblad. Bak bladet stod Ludvig Mariboe som sjølv skreiv det meste av det originale stoffet i bladet. Frå 1827 gav bladet utførlege referat frå forhandlingane i Stortinget, noko som til dess ikkje hadde vore gjort. Opplaget var i 1826 på 300 eksemplar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Gyldendals store konversasjonsleksikon. 1972
  • Norsk Allkunnebok. IX. bandet. 1959