Patuxent Range

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 84°43′S 64°30′W
Patuxent Range
fjellkjede
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
Stad Coats Land
 - koordinatar 84°43′S 64°30′W
Administrert under Antarktistraktaten
Patuxent Range is located in Antarktis
Patuxent Range (Antarktis)

Patuxent Range er ei stor fjellkjede i Pensacolafjella og består av Thomas Hills, Anderson Hills, Mackin Table og ymse nunatakar og ryggar knytte saman av Foundation-straumen, Academybreen og Patuxentstraumen. Ho vart oppdaga og delvis fotografert den 13. januar 1956 under ein flytur over kontinentet under Operasjon Deep Freeze frå McMurdo Sound til Weddellhavet og attende.[1]

Ho vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter Naval Air Station Patuxent River (ved Cedar Point i Maryland) som ligg på sørsida av munningen av Patuxent River. Fjellkjeda vart kartlagd i detalj av USGS frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy, 1956-66.[1]

Thomas Hills[endre | endre wikiteksten]

Thomas Hills ei fjellrekkje, som strekkjer seg over 27 km mellom Foundationstraumen og MacNamarabreen ved nordenden av Patuxent Range. Dei vart namngjevne av US-ACAN etter forslag frå kaptein Finn Rønne, som var leiar ved Ellsworth-basen, 1957. Charles S. Thomas var marineminister, 1954–57, i løpet av dei første åra av Operasjon Deep Freeze.[2]

Fjell[endre | endre wikiteksten]

  • Mount Tolchin 1730 moh, står 8 km sørvest for Houk Spur heilt sørvest på Mackin Table i sørenden av fjellkjeda. Det vart namngjeve av US-ACAN etter løytnant Sidney Tolchin som var øvstkommanderande på Amundsen-Scott-stasjonen vinteren 1959.[5]
  • Mount Yarbrough er eit ryggforma fjell, 865 moh, 3,2 km sørvest for Nance Ridge i Thomas Hills på nordsida av fjellkjeda. Det vart namngjeve av US-ACAN etter Leonard S. Yarbrough, ein industriingeniør ved Plateau Station, 1965-66.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]