Paul Accola

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Paul Accola
Statsborgarskap Sveits
Fødd 20. februar 1967 (57 år)
Davos
Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1998, Vinter-OL 2002, alpine skiing at the 1988 Winter Olympics – men's combined

Paul Accola (fødd 20. februar 1967) frå Davos er ein sveitsisk, tidlegare skirennar som i 1992 vann verdscupen i alpine greiner. I den sesongen vann han både super-G-cupen og kombinasjonscupen og vart nummer to i slalåmcupen. Gjennom si tid som aktiv vann han fire meisterskapsmedaljar i kombinasjonsøvinga, ein sølv og tre bronser. Første medaljen fekk han under OL 1988, den siste i VM 2001. Han deltok i verdscupen i tida 1988-2005, der han vann sju enkeltrenn og stod på sigerspallen 26 gongar, siste gongen i 2000. Alle sigrane i verdscuprenn kom i 1991/92-sesongen.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1988: Bronsemedalje i den alpine kombinasjonen under vinter-OL i Calgary
  • 1989: Sølvmedalje i den alpine kombinasjonen og nr 4 i slalåm under VM i alpint i Vail
  • 1991: Nr 4 i kombinasjonen og nr 11 i slalåm under VM i alpint i Saalbach-Hinterglemm
  • 1992: Nr 4 i storslalåm og nr 10 i super-G under vinter-OL i Albertville
  • 1993: Nr 5 i slalåm under VM i alpint i Morioka
  • 1994: Nr 6 i kombinasjonen og nr 14 i super-G under vinter-OL på Lillehammer
  • 1996: Nr 11 i kombinasjonen og nr 13 i storslalåm under VM i alpint i Sierra Nevada
  • 1997: Nr 5 i storslalåm og nr 6 i kombinasjonen under VM i alpint i Sestriere
  • 1998: Nr 7 i storslalåm under vinter-OL i Nagano
  • 1999: Bronsemedalje i den alpine kombinasjonen, nr 4 i storslalåm og nr 5 i super-G under VM i alpint i Vail
  • 2001: Bronsemedalje i den alpine kombinasjonen og nr 8 i storslalåm under VM i alpint i St. Anton
  • 2002: Nr 6 i kombinasjonen og nr 10 i super-G under vinter-OL i Salt Lake City

Verdscupsigrar[endre | endre wikiteksten]

Dato Stad Land Øving
29. november 1991 Breckenridge USA Storslalåm
30. november 1991 Breckenridge USA Slalåm
13. januar 1992 Garmisch-Partenkirchen Tyskland Kombinasjon
19. januar 1992 Kitzbühel Austerrike Kombinasjon
26. januar 1992 Wengen Sveits Kombinasjon
1. februar 1992 Megève Frankrike Super-G
1. mars 1992 Morioka Japan Super-G

Accola la opp som alpinist i 2005.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]