Paul Andreas Kaald

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Paul Andreas Kaald

Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. juni 1784
Trondheim
Død

24. juni 1867 (83 år)

Yrke kaper

Paul Andreas Kaald (12. juni 178424. juni 1867) var ein norsk kaperkaptein frå Trondheim. Han var ein av dei største norske kaperkapteinane frå kapertida. Det første toktet hans var i 1808. Det andre toktet i 1808 blei avbrote då skipet blei teke utanfor Skottland. Han kom attende til Trondheim i 1810. Tre år seinare, i 1813, drog han nok ein gong ut på tokt. Briggen «Anna Bruun» segla ut med 14 kanonar og eit mannskap på 60. Dette var eit av dei største kaperskipa som segla ut frå ei norsk hamn. Toktet var svært vellukka og gjorde kaptein Kaald til ein rik mann.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Kaald blei døypt 4. juli i Vår Frues kyrkje. Far hans var stavangermannen Albert Hansen Kold og mor hans var Jonetha Paulsdatter Kroppa. Faren hadde tre barn frå eit tidlegare ekteskap og fekk så tre barn med den nye kona si. Faren døydde då Paul Andreas var fem år og mora gifta seg deretter med overtollbetjenten Peder Olaus Høysager. Dei fekk fem barn. Paul Andreas hadde altså tre heilsysken og ni halvsysken. Aldersskilnaden i søskenflokken var over 50 år.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Kaald drog til sjøs då han var 14 år og tok styrmannseksamen i 1803. Han mønstra på «Sara Marie» som forliste ved Nederland og var med «Magdalena & Benedicte» på fleire turar i Middelhavet. Etter dette byrja han med kapertrafikk 24 år gammal, sidan Napoleonskrigane gjorde han arbeidsledig.

Det første toktet var med sluppen «Den Kjække» i 1808. Kaptein på toktet var Sigismund Richelieu. Toktet var vellukka og Kaald førte eit av skipa tilbake til Noreg. «Den Kjække» blei likevel teken av engelskmenn. Med hjelp frå reiaren Johan Christian Vogelsang fekk han rusta «Eliza» til eit nytt tokt. Kaald kalla det nyrusta kaperskipet «Den Flinke». Skipet blei teke ved Skottland og Kaald hamna i fengsel i Edinburgh. Der var han i to år.

Han vende attende til Trondheim i 1810 og la ut på eit tredje tokt i 1813. Briggen «Anna Bruun» segla ut med 14 kanonar og eit mannskap på 60. Toktet var svært vellukka og gjorde kaptein Kaald til ein rik mann.

Etter krigen[endre | endre wikiteksten]

Den 18. juli 1812 gifta han seg med hitterværingen Willadine Kjerstine Stub. Sju av dei ni borna deira voks opp. Då krigen var over i 1814, stoppa kaperiet. Kaald kjøpte skonnerten «Isabella» og la ut på reise i Nordsjøen. Han var reiar for skipet frå 1828. Skipet forsvann i 1834. I 1835 flytta han til Hitra og slo seg ned på garden Grindvik. Der levde han av handel og gardsdrift til han døydde i 1867, 73 år gammal. Han ligg gravlagd på Fillan kyrkjegard, der kona hans òg ligg.

Anna[endre | endre wikiteksten]

  • Han tok bergensk skipparborgarskap i 1808. Han bytte dette i eit trondhjemsk i 1817, før han i 1835 bytta dette i eit handelsborgerskap.
  • Han etterlét seg skipsjournalar frå kapertoktene og ei dagbok frå fengselstida i Skottland.
  • Paul Andreas Kaald har fått ein veg oppkalla etter seg på Ladehammeren i Trondheim. Gata går i ei sløyfe ut frå Ladehammerveien. Vegen har fått namnet Kaptein Kaalds vei.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]