Paul Beaver

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Paul Beaver
Fødd14. august 1925(1925-08-14)
FødestadColumbiana i Ohio i USA
Død16. januar 1975 (49 år)
DødsstadLos Angeles, US
FødenamnPaul Henry Beaver Jr.
OpphavUSA
Aktiv1945–1975
SjangerEksperimentell, elektronisk musikk, psykedelisk rock, jazz
InstrumentOrgel, Moog synthesizer
Tilknytte artistarBeaver & Krause
PlateselskapElektra, Warner Bros.
Verka somMusikar

Paul Henry Beaver jr. (14. august 192516. januar 1975) var ein USA-amerikansk musikar som var ein pioner innan populær elektronisk musikk og var tidleg ute med å spele Moog synthesizer. Frå 1967 samarbeidde Beaver med Bernie Krause i duoen Beaver & Krause.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Beave var den elektroniske halvdelen av eit eksperimentelt fri-form-album for Dunhill Records i 1965 i lag med studiotrommeslagaren Hal Blaine kalla Psychedelic Percussion. I 1966 vart han møtt av Jac Holzman i Elektra Records, som ønskte å lage eit album med elektronisk musikk for den gryande hippierørsla. Holzman introduserte Beaver for Bernie Krause, ein annan synthesizer-entusiast. Dei gjekk saman om å kjøpe ein Moog synthesizer og arbeidde i lag på eit prosjekt, i lag med komponisten og arrangøren Mort Garson. Resultatet vart albumet The Zodiac: Cosmic Sounds.[1]

Dei fortsette å arbeide i lag i eit prosjekt for å meistre den nye Moog-synthesizeren og presentere det som eit brukbart instrument for film- og plateinnspelingar. Frå 1967 arbeidde Beaver med Krause som duoen Beaver & Krause. Dei var blant dei første gruppene som spelte inn pop-kommersiell elektronisk musikk, som seinare vart kjend som electronica. Det doble albumet deira The Nonesuch Guide to Electronic Music, gjeve ut på Jac Holzman sitt Nonesuch, var såleis eit landemerke, og introduserte den fulle spennvidda i lydar som Moog kunne skape, i stor detalj.[2]

Beaver spelte Moog for fleire artistar, som på «Star Collector», den siste songen på The Monkees-albumet Pisces, Aquarius, Capricorn & Jones Ltd. frå november 1967 og på The Byrds-songen «Goin' Back» på albumet The Notorious Byrd Brothers.[3] Han bidrog òg på Elektra Records-albumet The Zodiac: Cosmic Sounds frå 1966, som er eit album som generelt vert rekna som den første innspelinga innan sjangeren med Moog-synthesizer.[4]

Beaver vart ven av George Martin og hjelpte til med produksjonen av The Beatles-albumet Magical Mystery Tour, og skaffa den første generasjonen Hammond B3-orgel som skapte dei rare lydeffektane mot slutten av «Blue Jay Way». På denne tida bygde han og musikaren og ingeniøren Phil Davis ein spesiallaga, polyfonisk Moog modular synthesizer, basert på prototypen Moog Apollo, for Keith Emerson i Emerson, Lake & Palmer som var eit av dei første elektroniske instrumenta som hadde programmerbare førehandsinnstilte lydar, kontrollert av ein 8-bits datamaskin som brukte ein TV-monitor. I tillegg arbeidde Beaver, Phil Davis og Dan Wyman i lag med komponisten Alexander Courage, som komponerte og framførte musikk og fleire lydeffektar for den originale TV-serien Star Trek.

Beaver & Krause heldt fram å gje ut elektroniske album, før for Mercury Records-etiketten Limelight, med albumet Ragnarok (1968), så tre album for Warner Bros. Records: In a Wild Sanctuary (1970), Gandharva (1971) og All Good Men (1972). I ein kombinasjon av Moog og akustiske instrument var desse albuma i røynda byrjinga for den musikalske retninga «New Age». Slutten av sporet «Spaced» frå albumet Wild Sanctuary, der to synthesizerar samstundes glir opp og ned før dei glir saman i ein endeleg, enkel akkord, vart seinare nytta om att då den originale THX-logoen vart vist før kinofilmar. I lag med Ruth White skipa Beaver føretaket Electronic Music Association i 1970-åra.

Personleg liv og død[endre | endre wikiteksten]

Beaver var scientolog, republikanar, ugift og biseksuell.[5] Helsa hans byrja å bli dårleg i 1973. Han døydde av hjerneaneurisme i januar 1975, 49 år gammal, medan han arbeidde på ei ny utgåve av The Nonesuch Guide.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Med Lalo Schifrin

Kjelder[endre | endre wikiteksten]