Paul Egede

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Paul Egede

Paul Egede (9. september 17086. juni 1789) var ein dansk professor i teologi og grønlandsk misjonær og språkforskar.

Paul Egede var sonen til Gertrud Rask og Hans Egede, den første misjonæren til Grønland. Paul Egede hadde skulegangen sin i Danmark, men kom tilbake til Grønland i 1734 der han gjorde stor lukke med å preika på språket til folket der, som han hadde lært som liten.

Då faren drog bort frå Grønland fortsette Paul misjonærarbeidet der. Han gav ut ei inuit-latinsk ordbok i 1750, ein inuittisk katekisme i 1756, og ein grammatikk om det same språket i 1760. I 1766 fullførte han omsetjinga av det nye testamentet, som faren hadde byrja på, og i 1787 omsette han Thomas Kempis. Egede sin grammatikk var svært avansert for si tid, han laga ei skildring på den grønlandske språkstrukturen, heller enn ei tilpassing av objektspråket til latinsk grammatikk som var vanleg i samtida.

Like før han døydde gav Paul Egede ut ei skildring av livet sitt på Grønland.

Då synet hans vart svekka drog Paul Egede tilbake til Danmark, der han tok over oversynet over Grønlandsmisjonen etter faren. Ettersom han hadde betre innsyn i den inuitiske kulturen vert misjonsarbeidet hans rekna som meir vellukka enn Hans Egede sitt.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Egede, Paul 1744: Evangelium okausek tussarnersok Gub Niarnik Innungortomik akausianiglo, Usornartuleniglo, tokomello umarmello, Killaliarmello, Innuin annauniartlugit, aggerromartomiglo, tokorsut tomasa umartitsartortlugit. karalit okausiet attuartlugo aglekpaka Paul Egede. Kiôbenhavnme : Kongib Iglorpersoarne
  • Egede, Paul 1750: Dictionarium Grönlandico-Danico-Latinum : complectens primitiva cum suis derivatis, qvibus interjectae sunt voces primariae è Kirendo Angekkutorum adornatum. Hafniae : Gottm. Frid. Kise.
  • Egede, Paul 1760: Grammatica Grönlandica Danico-Latina. Havniae : Kisel.
  • Egede, Paul 1760: Efterretninger om Grønland : uddragne af en Journal holden fra 1721 til 1788. Kiøbenhavn : Trykt i det kongelige Waisenhuses Bogtrykkerie af Hans Christopher Schrøder
  • Egede, Paul 1824: Kristusimik Mallingnaursut / pivdlugit Thomasib â Kempisib ; aglegá Kaladlin okauzeenut nuktersimarsok Pelesiunermit Paviamit Egedimit ; illegeegnerublo ussornartórsub "Det Danske Missions-Selskabimik" taïutiglub ama nakittarkomago ; nárkingniarkiksarallóarà A. F. Hönnib.