Paul Humphrey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Paul Humphrey
Fødd12. oktober 1935
FødestadDetroit
OpphavUSA
Sjangerjazz
Instrumenttrommesett
PlateselskapBlue Thumb Records
Verka somjazzmusikar

Paul Nelson Humphrey (fødd 12. oktober 1935 i Detroit) er ein amerikansk jazz- og funk/R&B-trommeslagar.

Han arbeidde som studiomusikar i 1960-åra for jazzartistar som Wes Montgomery, Les McCann, Kai Winding, Jimmy Smith, Charles Mingus, Lee Konitz, Blue Mitchell og Gene Ammons.[1]

Som bandleiar har han spelt inn under namnet Paul Humphrey and the Cool Aid Chemists, med Clarence MacDonald, David T. Walker og Phil Upchurch. I 1971 hadde dette bandet to hittar, «Cool Aid» (US #29, US Black Singles #14)[2][3] og «Funky L.A.» (US Black Singles #45).[3] Han spelte òg inn eit album som leiar for Paul Humphrey Sextet i 1981.

Humphrey var ein av trommeslagarane på Marvin Gaye sitt «Let's Get It On».[4]

Han har òg spelt med Steely Dan,[5] Frank Zappa, Jerry Garcia, Jimmy Smith, The Four Tops, Al Kooper, Jackie DeShannon, Natalie Cole, Albert King, Quincy Jones, Dusty Springfield, Jean-Luc Ponty, Michael Franks, Maria Muldaur og andre.[6]

Humphrey var òg trommeslagar for både Lawrence Welk Orchestra og fjernsynsshowet frå 1976 til 1982. Han og kona Joan har to barn, Pier og Damien, som var med faren på det årlege juleshowet til Welk.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Som leiar[endre | endre wikiteksten]

Som studiomusikar[endre | endre wikiteksten]

Med Mel Brown

Med Kenny Burrell

Med Richard «Groove» Holmes

Med Charles Kynard

Med Frank Zappa

Med Jerry Garcia

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Biography, Allmusic.com
  2. Paul Humphrey & the Cool Aid Chemists Billboard Singles, Allmusic.com
  3. 3,0 3,1 Paul Humphrey Billboard Singles, Allmusic.com
  4. [1]
  5. [2]
  6. [3]
  7. Billboard, Allmusic.com
  8. [4]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]