Paul Ingebretsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Paul Ingebretsen
Fødd15. oktober 1904
Stavanger
Død16. august 1968 (63 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, embetsmann, advokat
Alle verv

Paul Ingolf Ingebretsen (15. oktober 190416. august 1968) var ein norsk byråkrat og politikar frå Stavanger som representerte VenstreStortinget i tida mellom 1950 og 1961. Han var fylkesmann i Rogaland frå 1959 til 1968.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Ingebretsen var son til kjøpmannen Gustav Andreas Ingebretsen i Stavanger. Han tok examen artium ved Kongsgård skole i Stavanger i 1923.[1] I 1923 studerte han jus i Oslo og vart cand.jur. i 1927. Han arbeidde så ved sorenskriveri frå 1928 til 1940, fyrst som kontorist og sidan som dommarfullmektig. Under den andre verdskrigen mellom 1940 til 1944 var han tilsett på kontoret til Rogaland fylkeskommune, og kontorsjef i perioden frå 1945 til 1946. I 1947 vart han likningssjef i Stavanger, ei stilling han hadde til 1958. Han fekk stillinga som fylkesmann i Rogaland i 1959, eit embete han hadde til han døydde i 1968.[1]

Politikk[endre | endre wikiteksten]

I perioden frå 1937–1940 og 1945–1955 var Ingebretsen medlem av bystyret i Stavanger, vald for partiet Venstre. I tida mellom 1950 til 1961 var han stortingsrepresentant for Venstre. I den fyrste valperioden var han vald frå kjøpstadene i Vest-Agder og Rogaland, i dei to siste frå Rogaland fylke. Som stortingsrepresentant sat han i Finanskomiteen, dei siste åtte sesjonane som nestformann. Han var parlamentarisk nestleiar i Venstre frå 1954 fram til han forlet Stortinget.

Andre verv[endre | endre wikiteksten]

Ingebretsen hadde ei mengd verv i både privat og offentleg virke. Mellom anna var han formann i eit utval som vurderte flytting av statsinstitusjonar frå Oslo i åra mellom 1961 til 1964, i tillegg var han formann i Bygningsfredningskomiteen frå 1967 til han døydde året etter. Han var elles styremedlem i Norsk Folkeakademi frå 1946 til 1957, og som nestformann dei siste fire åra.

I 1968 vart Ingebretsen utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Fylkesmann Paul Ingebretsen er død». Stavanger Aftenblad. 17. august 1968. s. 1. 
  2. «Tildelinger av ordener og medaljer: Ingebretsen, P.». Henta 5. januar 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]