Paul Lia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Paul Lia
Fødd1886
Død1971
Verka sommusikar

Paul Lia (18861971) var ein norsk spelemann frå Svene i Flesberg.

Paul tok til å spela alt då han var ni år gamal. Han var soneson av Gullek Spellemann og brorson av Eivind Spellemann. Han mintest ikkje desse, men far hans var god på å minnast slåttetonar, og tralla dei for guten. Han vart med tida påverka av spelemenn som Hellik Rud, Narve Hytta og Ole Haugan, Anders Ødegard og Gullik Sandbek.

I unge år reiste Paul Lia eit par vender på spelferd til Amerika, der han var i lag med telemarkingar som Olav Napper, Hans Fykerud og Eilev Smedal.

Paul Lia var kjend som ein viktig kjelde til Numedalsspelet, og var mykje nytta som kappleiksdomar. Han heldt og kurs for dei yngre spelemennene i dalen.