Paul Nihill

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Paul Nihill

Paul Nihill, Abdon Pamich, Ingvar Pettersson 1964.jpg

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 5. september 1939
Colchester
Død

15. desember 2020 (81 år)
Gillingham

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1976, Sommar-OL 1972, Sommar-OL 1968, Sommar-OL 1964

Vincent Paul Nihill (5. september 193914. desember 2020) var ein britisk kappgjengar som i 1969 vart europameister på 20 km og elles vann OL-sølv i 1964 og EM-bronse i 1971.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Nihill kjempa i Sommar-OL 1964 om gullmedaljen på 50 km, måtte til sist gje tapt mot den legendariske kappgjengaren Abdon Pamich frå Italia. Under Sommar-OL 1968 kollapsa Nihill etter 44 km i tynnlufta i Mexico.

Sidan satsa Nihill mest på 20-kilometeren. Han vann distansen ved Friidretts-EM 1969 og tok bronsemedaljen i EM 1971. Den 30. juli 1972 sette han verdsrekord på 20 km med tida 1.24.50, ein månad seinare enda han på sjetteplass i dei olympiske sommarleikane. Han slutta tevle i 1977.

Nihill døydde av COVID-19.

Paul Nihill

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]