Paul Okkenhaug

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Paul Okkenhaug
Fødd30. juni 1908
Død30. november 1975
OpphavNoreg
Instrumentorgel
Verka sommusikar, komponist, bonde

Paul Okkenhaug (30. juni 190830. november 1975) var ein norsk komponist og organist. Han er mest kjend som komponist av musikken til Spelet om Heilag Olav, som vert framført ved Stiklestad nasjonale kultursenter kvar sommar.

Okkenhaug var fødd i Frol i Levanger. Han var odelsgut på garden Okkenhaug, og son til forfattaren Sigrun Okkenhaug. Han voks opp i eit kreativt miljø, og utdanna seg til organist ved Norges Musikkhøgskole (det dåverande Musikkonservatoriet) i Oslo og var tilsett ein periode i Nidarosdomen. Han fekk undervising i komposisjon hjå Bjarne Brustad og seinare hjå David Monrad Johansen og Geirr Tveitt.

I 1946 fekk Okkenhaug komponiststipend og han nytta dette til eit opphald i København. I 1949 vart han tilsett som organist i Levanger kyrkje, der han virka resten av livet.

Han var ein dyktig improvisatør og ein allsidig komponist.

Markeringar[endre | endre wikiteksten]

Paul Okkenhaug-dagane har vore skipa i Levanger i 2001, 2005 og i 2008, hundreårsjubileet for fødselen til Okkenhaug.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]