Paul Simon av Paul Simon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Paul Simon
Studioalbum av Paul Simon
Språk engelsk
Utgjeve 14. januar 1972
Innspelt 1971
Sjanger Folkrock
Lengd 34:03
Selskap Columbia, Warner Bros.
Produsent Roy Halee, Paul Simon
Kritikk
Paul Simon-kronologi 
The Paul Simon Song Book
(1965)
Paul Simon There Goes Rhymin' Simon
(1973)


Paul Simon er det andre studioalbumet til den amerikanske visesongaren Paul Simon, og det kom ut i januar 1972, nesten to år etter at duoen Simon & Garfunkel vart oppløyst. Albumet representerte den endelege meldinga om at duoen no var ferdig.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Etter at Simon & Garfunkel vart oppløyst i 1970, arbeidde Simon som lærar i låtskriving på New York University sommaren 1971.[4] Simon reiste så til San Francisco for å spele inn nokre demoar og starta å skrive i mange forskjellige stilartar. Paul Simon var musikalsk ein direkte oppfølgjar til musikken han skreiv i lag med Art Garfunkel. Simon eksperimenterte med fleire stilartar, som latinsk musikk, jazz, blues, samt reggae med songen «Mother and Child Reunion». Songen var spelt inn i Kingston i Jamaica og var ein av dei første reggaesongane gjort av ein kvit artist. Med seg på plata hadde han gjestemusikarane Stephane Grappelli, Ron Carter og Airto Moreira.

Testane på albumet inneheld mange sjølvbiografiske element. Fleire av songane omhandlar direkte eller indirekte ekteskapet med Peggy, som han skilde seg frå i 1975. Andre tema er narkotika og ungdomstid, særskild i urbane område.

Albumet toppa listene i Storbritannia, Japan og Noreg, og nådde fjerdeplassen i USA. I 1986 hadde albumet seld til platina.[3]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Paul Simon, bortsett frå der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Mother and Child Reunion»3:05
2.«Duncan»4:39
3.«Everything Put Together Falls Apart»1:59
4.«Run that Body Down»3:52
5.«Armistice Day»3:55
Side to
Nr.TittelLengd
6.«Me and Julio Down by the Schoolyard»2:42
7.«Peace Like a River»3:20
8.«Papa Hobo»2:34
9.«Hobo's Blues» (Simon, Stéphane Grappelli)1:21
10.«Paranoia Blues»2:54
11.«Congratulations»3:42

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Allmusic Review
  2. Robert Christgau Review
  3. 3,0 3,1 «Superseventies review». Superseventies. Henta July 24, 2009. 
  4. «Paul Simon - The neck of my gitar». Paul-simon.info. Henta June 26, 2010. 


Føregangar
Harvest
Neil Young
Toppen av VG-lista
Paul Simon

3 veker, veke 17–19, 1972
Etterfylgjar
Harvest
Neil Young