Paul Sunde
Paul Sunde | |||
Fødd | 5. februar 1896 Nissedal | ||
---|---|---|---|
Død | 2. september 1958 (62 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar, arbeidar | ||
Alle verv |
|
Paul Tjøstolsen Sunde (5. februar 1896–2. september 1958) var ein norsk arbeidar frå Arendal som representerte Arbeidarpartiet og kjøpstadene i Telemark og Aust-Agder på Stortinget i tida 1945-53.
Sunde var son til ein småbrukar i Nissedal. 15 år gammal tok han arbeid ved Åmli-Treungenbanen og var så to år sysselsett med anleggsarbeid på Rjukan. I 1913 reiste han til sjøs ei tid. Fram til 1922 arbeidde han jamt på ymse anlegg. Sidan var han i 36 år kommunearbeidar i Arendal, heilt til han døydde i 1958.
Sunde sat i bystyret i Arendal 1931–40 og 1956–58; dei to siste periodane også i formannskapet. Under verdskrigen sat han fengsla 1944-45 i Grini fangeleir. Hausten 1945 vart Sunde vald til stortingsrepresentant frå dei sju kjøpstadene i Telemark og Aust-Agder, attvald i 1949. Alle stortingssesjonane var han medlem i Militærkomiteen. Då ordninga med eigne valkrinsar for byane vart avvikla før stortingsvalet 1953, nådde han ikkje opp til «sikker» plass under nominasjonen i Aust-Agder fylke.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Fanger.no
- Solberg, Ola (1956). Arendal arbeiderparti 1904-54.
- Skar, Alfred (1949). Fagorganisasjonen under okkupasjonen. Oslo: Tiden. s. 485.