Paul Svedenborg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Paul Svedenborg
Fødd 24. april 1947
Yrke sjakkspelar

Paul Svedenborg (fødd 24. april 1947) er ein norsk sjakkspelar som har vunne Noregsmeisterskapen i sjakk to gongar, i 1966 og 1967.[1] Paul Svedenborg bur i Narvik og spelar for Narvik sjakklubb. Han deltok på det norske landslaget i sjakkolympiadane i 1964 i Tel Aviv og i 1968 i Lugano.[2]

Svedenborg sin spelestil er prega av aktivt spel, der han søker utvikling og rom, til prisen av materiell og/eller bondestruktur.

I opningsteori har Svedenborg fått ein variant oppkalla etter seg i Lettisk gambit. Etter 1.e4 e5 2.Sf3 f5 3.Lc4 fxe4 4.Sxe5 så har Svedenborg vist at 4...d5 er spelbart, og denne varianten ber no hans namn. Sjølv om trekket var kjent tidlegare, så viste Svedenborg at den svarte stillinga var haldbar etter 5.Dh5+ g6 6.Sxg6 hxg6 7.Dxg6+ Kd7, i staden for den gamle varianten Ke7.[3]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Liste over Norske meistrar i sjakk
  2. ChessBase database
  3. Kosten, Tony (2001). The Latvian Gambit Lives!. Batsford. ISBN 0713486295.