Paul Valéry

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Paul Valéry
Paul Valéry by the Studio Harcourt.jpg
Fødd 30. oktober 1871
Sète
Død

20. juli 1945
Paris

Paul Valéry på Commons
Somme av dei som skipa Académie Mallarmé i Paris i 1937. Ståande (frå venstre), Édouard Dujardin, Francis Vielé-Griffin, Paul Valéry, André-Ferdinand Hérold, André Fontainas, Jean Ajalbert, sittande, Saint-Pol-Roux, Paul Fort

Ambroise Paul Toussaint Jules Valéry (30. oktober 187120. juli 1945) var ein fransk poet, essayist, filosof og litteraturkritikar. Han var fødd i Sète (Cette) i sør i Frankrike, men veks opp i byen Montpellier ikkje langt unna. Far hans, tollinspektør Barthélemy Valéry, var frå Korsika, og mora hans, Fanny Grassi, var frå Genova i Italia, dotter av den italienske konsulen Giulio Grassi. Paul Valéry døde i Paris, der han hadde budd mesteparten av sitt vaksne liv.

Paul Valéry byrja si opplæring i 1876 hjå dominikanarane i Sète, og vart i 1878 elev på collège de Sète og frå 1884 til 1888 på gymnaset lycée de Montpellier. I 1889 tok han til med sitt studium i juss, og fekk same året publisert sine fyrste dikt i Revue maritime de Marseille. Hans lyrikk frå denne tida høyrer inn under den kategorien som vart kalla symbolisme. I 1890 vart han kjend med den belgisk fødde franske diktaren Pierre Louÿs (1870-1925), som presenterte han for diktaren André Gide, og introduserte han i den avgrensa krinsen som diktaren Stéphane Mallarmé samla ikring seg. Dette skulle verte avgjerande for livet og diktinga til Paul Valéry, som vart trufast andsynes Mallarmé (1842-1898) heile sitt liv. I denne tida publiserte han sine fyrste tekster i det franske litterære tidsskriftet L'Ermitage.

Krise og ny byrjing[endre | endre wikiteksten]

Men under eit opphald i Genova, opplevde Paul Valéry i natta mellom 4. og 5. oktober 1892 det som han etterpå karakteriserte som ei alvorleg eksistensiell krise. Han kom fram til at han skulle vie det vesentlige i livet sitt til «la vie de l'esprit», det andelege, og slå frå seg litteraturens, kjærleikens og det upresises idol. Paul Valéry har fleire gongar framhalde at denne natta i Genova var hans eigenlege opphav, byrjinga på hans mentale liv.

I 1894 busette han seg i Paris, der han byrja arbeide som redaktør i Krigsministeriet. Han held seg unna poetisk forfattarskap for å vie seg til prosessen med å verte kjent med seg sjølv og verda. I 1900 gifta han seg med Jeannie Gobillard (1877-1970). Frå 1900 til 1922 var han personleg sekretær eller assistent for den stendig meir sjukelege Édouard Lebey, direktør for pressebyrået (nyhendebyrået) l'agence Havas. Dei tidlege morgontimane nytta Paul Valéry til å skrive sine Cahiers, ei intellektuell og psykologisk dagbok som i det vesentlege ikkje vart publisert før etter at han var død.

Paul Valéry braut sin lange tagnad og kom attende til poesien i 1917 med diktet La Jeune Parque på 512 vers utgjeve på forlaget Gallimard. Dette var ein indre monolog hjå ei ung kvinne som var offer for ein kamp mellom kropp og ande, skrive i ei formalistisk språkdrakt som var verdig hans meister Mallarmé, og vart rekna som eit meisterverk. Som ei byrjing hadde han etter krav frå forleggjaren sin, Gallimard, og venen sin, forfattaren André Gide, skrive eit trettitals liner langt poetisk føreord til ei nyutgjeving av sine fyrste dikt, og det var nok under påverknad av Gide at han kom i gang att med sin lyriske forfattarskap. Eit anna stort dikt. Le Cimetière marin, fylgde i 1920, og i 1922 ei diktsamling, Charmes, alt inspirert av Stéphane Mallarmé når det galdt den formelle meistringa og utforminga av stoffet.

Paul Valéry som nasjonalpoet[endre | endre wikiteksten]

Etter den fyrste verdskrigen vart Paul Valéry ein slags offisiell poet som vart mykje feira og lite kritisert. I 1924 vart han president i Pen Club français, og året etter medlem av l'Académie française, Det franske akademiet. Han vart kommandør av Légion d'honneur (Æreslegionen) i 1932 og grand officier de la Légion d'honneur i 1939, fekk i 1937 oppretta ein lærestol for seg i poesi på Collège de France, og vart valt til fleire offentlige verv utover på 1930-talet.

Under den tyske okkupasjonen under andre verdskrigen nekta Paul Valéry å samarbeide med okkupasjonsmakta, og vart med i Front national de la résistance, den franske motstandsrørsla. I eigenskap av å vere sekretær for l'Académie française omtala han i rosande ordelag «jøden Henri Bergson» under gravferda til denne viktige franske filosofen, som døydde 4. januar 1941. Denne haldninga til okkupasjonsmakta og alt ho stod for, gjorde at Paul Valéry vart fråteke stillinga som sekretær for l'Académie française og som administrator for Centre universitaire de Nice (Centre universitaire méditerranéen). Etter sin død i heimen i 40 rue de Villejust i Paris 20. juli 1945, rett etter slutten på verdskrigen, fekk han ei nasjonal gravferd, og vart jordfesta på eit høgtliggande område av gravlunden i Sète, på den same cimetière marin med utsyn over Middelhavet som han hadde skildra i sitt dikt Le cimetière marin frå 1920.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Paul Valéry