Paul Waaktaar-Savoy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Paul Waaktaar-Savoy
Paul Waaktaar-Savoy Kongsberg Jazzfestival 2018 (220430).jpg
Fødd6. september 1961 (59 år)
FødestadOslo
OpphavNoreg, USA
Aktiv1976–
Sjangersynthpop
Instrumentgitar, songar, vokal
Verka somkomponist, songar, musikar, gitarist, pianist, låtskrivar
Gift medLauren Savoy
PrisarDen Kongelege Norske St. Olavs Ordenen

Paul Waaktaar-Savoy, fødenamn Pål Waaktaar Gamst (fødd 6. september 1961) er ein norsk gitarist og låtskrivar frå Oslo, busett i New York.

Bridges og A-ha[endre | endre wikiteksten]

Pål Waaktaar Gamst byrja karrieren sin i bandet Bridges saman med barndomsvenen Magne Furuholmen. Etter kvart kom dei to i kontakt med Morten Harket, og reiste til England for å spela inn plate. Plata fekk namnet Hunting High and Low og vart debuten til A-ha. Waaktaar skreiv låtar og spelte gitar i bandet fram til dei tok pause rundt 1993. Dei hadde stor suksess i denne tida, og vann fleire Spellemannprisar.

Savoy og gjenforeining[endre | endre wikiteksten]

I 1991 gifte han seg med Lauren Savoy frå USA, og endra namnet sitt til Paul Waaktaar-Savoy. Paul og Lauren gjekk saman med Frode Unneland og Popium om å danna musikkgruppa Savoy. Fyrste Savoy-plate; Mary Is Coming kom ut i 1996, og fram til i dag har gruppa gjeve ut seks album og vunne to Spellemannprisar.

I 2000 kom A-ha saman igjen og gjorde eit svært vellukka comeback som varte i ti år; den siste turnéen deira vart avslutta i Oslo i 2010.

Lauren[endre | endre wikiteksten]

Paul og Lauren Waaktaar-Savoy er framleis busett i New York. Dei har ein son saman. [1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referanse[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]