Paul de Beauvilliers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Paul de Beauvilliers
Fødd 1648
Død

31. august 1714

Yrke politikar

Paul de Beauvilliers, greve og seinare (1679) 2. hertug av Saint-Aignan (16481714), ofte berre kalla duc de Beauvilliers, var ein fransk embetsmann under kong Ludvig XIV.

Han var førsteherre for kongens soverom (Premier gentilhomme de la Chambre du roi) i 1666, noko som gjorde at han hadde dagleg kontakt med Ludvig XIV og kunne diskutere personlege og private tema med han kvar dag. Han gifta seg med den andre dottera til Colbert i 1671.

Han var leiar for det kongelege finansrådet (conseil royal des Finances) i 1685 og sidan guvernør for hertugdømet Bourgogne (1689), hertugen av Anjou (den framtidige Filip V av Spania) (1690), og hertugen av Berry (1693), og hadde dermed ansvar for utdanninga til dei tre barnebarna til Ludvig XIV.

I 1691 gjekk han inn i Ministerrådet (Conseil d'en haut), leia av kongen sjølv, der statspolitikken vart avgjort, som religion, diplomati og krig.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]