Paula Fure

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Paula Fure
Fødd 19. november 1933
Selje
Yrke forfattar, illustratør, pedagog, skribent

Paula Elisabeth Fure (fødd 19. november 1933 i Selje kommune i Nordfjord) er ein norsk kunstformidlar og forfattar. Saman med mannen sin, musikaren Svein Westad driv ho Galleri Åkern, eit privat galleri for samtidskunst, i Kongsberg.

Paula Fure har 8 års utdanning frå høgskule og universitet innanfor kunst og kultur, pedagogikk, kunsthistorie, filosofi, estetikk og vitenskaps- og erkjennelsesteori. Ho har mange års undervisningserfaring frå grunnskule, vidaregåande skule og høgskule. Paula Fure har i mange år arbeidd som høgskuledosent ved hovudfagstudiet, Avdeling for estetiske fag, Høgskolen i Telemark, Notodden (HiT), innanfor fagområda filosofi, estetikk, kunstfag og forskning. Paula Fure har vore svært aktiv i arbeidet med kunsformidling på alle nivå, også kombinert med utøvande kunstnerisk arbeid. Ho har drive Galleri Åkern i over 20 år.

Paula Fure mottok i 2003 Kongens fortjenestemedalje i sølv for sitt arbeid innan undervisning, kunstformidling og forskning på det estetiske og kunstfaglege området.

I 2008 mottok Paula Fure, saman med ektemannen Svein Westad, Kongsberg kommunen sin kulturpris for deira mangeårige arbeid for kulturen.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]