Hopp til innhald

Paula Ivan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Paula Ivan


Statsborgarskap Romania
Fødd 20. juli 1963 (60 år)
Herăști
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1988

Paula Ivan (fødd 20. juli 1963), opphavleg Paula Ionescu, sidan Paula Ilie, er ein rumensk tidlegare friidrettsutøvar frå Herăști i Giurgiu fylke som vann gull på 1500 meter og sølv på 3000 m under Sommar-OL 1988 i Seoul.

I 1987 sigra Ivan både på 1500 m og 3000 m ved universiaden i Zagreb. Knapt to månader seinare klarde ho ikkje å kvalifisere til finalen i korkje distansane under friidretts-VM i Roma.

I juli 1988 sette Ivan personleg rekord då ho vann 800 m under Balkan-leikane, ho vann også 1500-meteren. Den 27. juli i Verona kom ho i mål på 1500 m på tida 3.58,8, hennar fyrste løp under fire minuttar på distansen. Ho forbetra seg til 3.56,2 den 17. august i Zürich. Under dei olympiske sommarleikane 1988 i Seoul fekk ho sølvmedaljen på 3000 m etter ho måtte ho gje tapt for sovjetiske Tatjana Samolenko i spurten. På den etterfylgjande 1500-meteren imponerte Ivan kolossalt og sprang mykje av finaleløpet i einsam majestet. I mål var ho over seks sekundar føre dei andre medaljevinnarane og vinnartida 3.53,96 var ny olympisk rekord (og gjeld 30 år seinare).

Ivan vann også 1500 m ved innandørs-EM 1989 i Den Haag, på tida 4.07,16. I august same året kopierte ho prestasjonane frå 1987 då ho i august på ny vart dobbeltvinnar under universiaden i Duisburg. Litt ut i september månad vann ho 1500 m-løpet i verdscupen. Ho la deretter vekk konkurranse-skorne og byrja som friidrettstrenar.

I 2000, 37 år gammal og etter ti år utan å ha tevla, kom Ivan tilbake og var aktiv i OL-sesongen. Ho deltok i fleire IAAF Grand Prix-stemne og presterte som best 4.04,6 på 1500 meter.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

[endre | endre wikiteksten]
  • VM 1987 i Roma: Utslått i kvalifiseringa på 1500 m (4.09,3 =nr 22) og på 3000 m (8.51,2 =nr 17)
  • OL 1988 i Seoul: Gullmedalje på 1500 m – 3.53,9, framom Laimutė Baikauskaitė (4.00,2), sølvmedalje på 3000 m – 8.27,1, bakom Tatjana Samolenko (8.26,5)