Paula Modersohn-Becker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Paula Modersohn-Becker
Modersohn-Becker 01.jpg
Fødd 8. februar 1876
Dresden
Død

20. november 1907
Worpswede

Sjanger portrett
Gammal fattighuskone i hagen, 1907

Paula Modersohn-Becker (8. februar 187621. november 1907) var ein tysk målar som var ein tidleg representant for ekspresjonismen og ein pioner innan avant-garde i Tyskland på 1900-talet.[1]

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Becker vart fødd som Minna Hermine Paula Becker som den tredje av sju ungar. Faren var jernbaneingeniør medan mora kom frå lågadelen. Familien la vekt på kunst, litteratur og musikk, og som systrene sine fekk Paula undervising i pianospel.

Paula Becker voks opp i Dresden-Friedrichstadt. I 1888 flytta familien til Bremen.

Kunstnarutdanning og karriere[endre | endre wikiteksten]

I 1892 budde ho hjå faster si, Marie Hill, nær London i England i sju månader. Der fekk ho si første teikneundervising etter gipsmodellar ved St. John’s Wood Art School.[2] Åra 1893-95 tok ho lærarutdanning i Bremen, samtidig som ho fekk privatundervisning i måling. I 1896 deltok ho på eit målekurs for kvinner i Berlin, der ho budde hjå tanta si Paula Rabe og seinare hjå onkelen Wulf von Bültzingslöwen.[2]

Med Bernhard Wiegandt som lærar fekk Paula Becker sine første høve til å måla levande modellar. På denne tida laga ho ein serie portrett av syskena sine og sitt første sjølvportrett, frå 1893. Ho fekk setja opp eit atelier i ein del av huset til foreldra.

22 år gammal besøkte ho kunstnarkolonien Worpswede. Der møtte ho Fritz Mackensen (1866–1953) og Heinrich Vogeler (1872–1942), to målarar som hadde flytta for å sleppe unna den akademiprega dominansen til leiande kunstkrinsar – og storbylivet. Becker fekk læretimar med Mackensen. Hovudtemaene i måleria hennar var livet og landskapet på den nordtyske landsbygda. I denne perioden fekk ho gode venner i skulptøren Clara Westhoff (1875–1954) og diktaren Rainer Maria Rilke.

Sjølvportrett på 6. bryllaupsdag i 1906.

Mellom 1900 og 1907 reiste Paula Modersohn-Becker fleire gonger til Paris, og budde i den franske hovudstaden i kortare og lengre periodar. Eine gongen gjekk ho eit kurs ved École des Beaux-Arts. Ho gjekk ofte på utstillingar av samtidskunst og var særleg oppteken av arbeida til Paul Cézanne, Vincent Van Gogh og Paul Gauguin. Ein kan også spore påverknad av fauvistar og Jean-François Millet, ein målar som Worpswede-kunstnarane beundra.

På sin siste tur til Paris laga ho bilete ho opplevde som fornyande. Ho laga også aktstudiar med seg sjølv som modell, noko som braut med brukvisa.[3]

Giftarmål, svangerskap og død[endre | endre wikiteksten]

I 1901 gifta Modersohn-Becker seg med målaren Otto Modersohn, ein enkemann med ei dotter.

I 1907 drog Modersohn-Becker tilbake til Worpswede. Ho vart gravid og og sette dottera Mathilde til verda den 2. november 1907. Knappe tre veker seinare døydde Paula Modersohn-Becker av emboli.[1]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

I 1908 skreiv Rainer Maria Rilke Requiem für eine Freundin, til minne om Paula Modersohn-Becker. Diktet vart skapt ut frå Rilkes vennskap med henne, og det inntrykket hennar liv og daude hadde gjort på han.

I 1978 stifta dottera til Modersohn-Becker, Mathilde «Tille» Modersohn (1907–1998) Paula Modersohn-Becker-Stiftung, og gav stiftinga over 50 måleri og rundt 5000 teikningar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Sarah Cascone (22. november 2017). «MoMA and Neue Galerie Acquire a Masterpiece by Paula Modersohn-Becker, the Expressionist Pioneer With a Tragic Life Story». Artnet. 
  2. 2,0 2,1 «Biographie». Paula Modersohn-Becker Stiftung. Henta 30. april 2018. 
  3. Colapinto, John (30. oktober 2013). «Paula Modersohn-Becker: Modern Painting (Missing Piece)». The New Yorker. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Paula Modersohn-Becker