Paulette Goddard
Paulette Goddard | |||
| |||
Fødd | 3. juni 1910 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Queens, New York by | ||
Død | 23. april 1990 (79 år) | ||
Dødsstad | Ronco sopra Ascona | ||
Fødenamn | Marion Goddard Levy | ||
Aktive år | 1929–1972 | ||
Verka som | skodespelar, filmprodusent, modell, teaterskodespelar, fjernsynsskodespelar, filmskodespelar | ||
Ektefelle | Charlie Chaplin, Burgess Meredith, Erich Maria Remarque | ||
Prisar | stjerne på Hollywood Walk of Fame |
Paulette Goddard, eigentleg Marion Pauline Levy, (3. juni 1910–23. april 1990) var ein amerikansk skodespelar innan film og teater.[1] Ho er òg kjend for å ha vore gift med kjende personar som Charlie Chaplin, Burgess Meredith og Erich Maria Remarque.
Goddard starta karrieren som barnemodell innan mote, og arbeidde seinare ved teatera på Broadway ved Ziegfeld Follies-produksjonane. Ho var ein av dei store stjernene til Paramount Pictures i 1940-åra.
I 1943 blei ho nominert til Oscar for beste kvinnelege birolle for rolla som løytnant Joan O'Doul i filmen So Proudly We Hail!.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Goddard var det einaste barnet til Joseph Russell Levy og Alta Mae Goddard. Faren hadde jødisk bakgrunn, medan mora hadde engelsk bakgrunn og var medlem av den amerikanske episkopale kyrkja.[2] Foreldra skilde seg då ho var ung, og ho hadde ikkje kontakt med faren før etter at ho blei ei kjend stjerne. Ho voks opp saman med mora, og blei òg teken hand om av grandonkelen Charles Goddard som blant anna skaffa ho arbeid som modell som ung og seinare tilsetjing ved Ziegfeld Follies som ei av dei overdekorerte og pynta Ziegfeld Girls i showet. Her arbeidde ho frå 1924 til 1928. Ho gjekk på Washington Irving High School i Manhattan samstundes med Claire Trevor.
Liv og karriere
[endre | endre wikiteksten]Ho debuterte i ei scenerolle i 1926 i stykket No Foolin'. På denne tida tok ho òg Paulette som einaste førenamn og jentenamnet til mor si, Goddard, som etternamn. Dette var òg etternamnet til velgjeraren hennar, grandonkelen Charles. Ho gifta seg med den noko eldre, rike tømmerhandlaren Edgar James i 1926 eller 1927 og flytta til Nord-Carolina. I 1929 flytta ho vidare til Hollywood saman med mor si, og blei skild frå Edgar James året etter.
Etter å ha hatt ein del mindre, ikkje krediterte roller, skreiv ho i 1932 kontrakt med Hal Roachs studios, og spelte blant anna i Helan og Halvan-filmen Pack Up Your Troubles. Same året traff ho Charlie Chaplin og dei var involverte både i eit romantisk og eit profesjonelt tilhøve mellom 1932 og 1940. Goddard budde saman med Chaplin i heimen hans i Beverly Hills det meste av denne tida.[3] Chaplin gav henne hovudrolla i Moderne tider og Diktatoren. Mangel på klargjering av den ekteskapelege statusen deira skal ha vore årsaka til at Vivien Leigh fekk rolla som Scarlett O'Hara i Tatt av vinden i staden for Goddard.[4] Etter at tilhøvet til Chaplin enda i 1940 gav både Chaplin og Goddard offentlege utsegner der dei fortalde at dei hadde vore hemmeleg gifte sidan 1936, men desse utsegnene var truleg meir eit felles forsøk på å hindra langvarig skade på Goddard sin karriere. Tilhøvet deira enda i minneligheit i 1942 då Goddard fekk ei godtgjering.
I mellomtida spelte ho inn filmar for Samuel Goldwyn Studio. I 1939 teikna ho kontrakt med Paramount Pictures, og den første filmen for dette selskapet var The Cat and the Canary der ho spelte mot Bob Hope. Denne filmen skulle bli eit vendepunkt i karrieren til begge. For Goddard førte filmen til rolla hennar i Diktatoren, og etter brotet med Chaplin spelte ho mot Fred Astaire i filmen Second Chorus.
Under denne innspelinga møtte ho skodespelaren Burgess Meredith som ho seinare gifta med seg. I heile perioden frå 1939 og fram gjennom 1940-åra var ho Goddard ein av dei største filmstjernene og hadde ein stor produksjon. I 1947 reiste ho til Storbritannia og spelte inn filmen An Ideal Husband, regissert av Alexander Korda.
I ekteskapet med Meredith hadde ho ein spontanabort, og fekk inkje barn. Ho var gift med Meredith fram til 1958. Seinare gifta ho seg med den tyske forfattaren Erich Maria Remarque og blei verande gift med han fram til han døydde i 1970.
Ho arva ein betydeleg formue etter Remarque og blei utover i 1980-åra ein kjend figur i det sosiale livet i New York. Ho blei svekka etter ein omfattande operasjon for brystkreft, der fleire ribbein måtte fjernast. Ho flytta då attende til Ronco sopra Ascona i Sveits der ho hadde budd saman med Remarque og der han og mora var gravlagde. Ho døydde i Ronco av lungeemfysem, nokre veker før 80-årsdagen. Ho testamenterte heile formuemn sin på 20 millionar amerikanske dollar til New York University, og eit elevinternat i tilknyting til universitetet er oppkalla etter henne.
Filmografi
[endre | endre wikiteksten]Film | |||
---|---|---|---|
År | Film | Rolle | Note |
1929 | Berth Marks | Togpassasjer | |
The Locked Door | Jente på smuglarbåt | Ikkje kreditert | |
1931 | City Streets | Dansenummer | Ikkje kreditert |
The Girl Habit | Undertøyseljar | ||
Ladies of the Big House | Innsett, i mengda | Ikkje kreditert | |
1932 | The Mouthpiece | Blondine i selskap | Ikkje kreditert |
Show Business | Blond togpassasjer | Ikkje kreditert | |
Young Ironsides | Seg sjølv, Miss Hollywood | Ikkje kreditert | |
Pack Up Your Troubles | Brudepike | Ikkje kreditert | |
Girl Grief | Student | Ikkje kreditert | |
The Kid from Spain | Goldwyn-jente | Ikkje kreditert | |
1933 | Hollywood on Parade No. B-1 | Seg sjølv | Lita rolle |
The Bowery | Blond jente som annonserer Brodie sitt hopp | Ikkje kreditert | |
Hollywood on Parade No. B-5 | Seg sjølv | Lita rolle | |
Roman Scandals | Goldwyn-jente | Ikkje kreditert | |
1934 | Kid Million sin | Goldwyn-jente | Ikkje kreditert |
1936 | Moderne tider | Ellen Peterson | |
The Bohemian Girl | Omstreifande sigøynar | Ikkje kreditert | |
1938 | Når hjertet er ungt | Leslie Saunders | |
Dramatic School | Nana | ||
1939 | Kvinner | Miriam Aarons | |
Spøkelseshuset | Joyce Norman | ||
1940 | The Ghost Breakers | Mary Carter | |
Diktatoren | Hannah | ||
Screen Snapshots: Sports in Hollywood | Seg sjølv | Lita rolle | |
Canadas ridende politi | Louvette Corbeau | Annan tittel: Northwest Mounted Police, The Scarlet Riders | |
Second Chorus | Ellen Miller | ||
1941 | Jimmys rike onkel | Molly McCorkle | Annan tittel: The Golden Hour, Jimmy Steps Out |
La det ikke bli dag | Anita Dixon | ||
Nothing But the Truth | Gwen Saunders | ||
1942 | Ung dame har planer | Sidney Royce | |
Urent farvann | Loxi Claiborne | Annan tittel: Cecil B. DeMille's Reap the Wild Wind | |
The Forest Rangers | Celia Huston Stuart | ||
Star Spangled Rhythm | Seg sjølv | ||
1943 | The Crystal Ball | Toni Gerard | |
Stolt helsar vi | Løytnant Joan O'Doul | Nominert til Oscar for beste kvinnelege birolle | |
1944 | Direktøren søker nattlosji | Jane Rogers/Suzanne | |
I Lóve a Soldier | Evelyn Connors | ||
1945 | Duffy's Tavern | Seg sjølv | |
Kitty | Kitty | ||
1946 | Celestines dagbok | Célestine | Produsent (ikkje kreditert) |
1947 | Suddenly, It's Spring | Mary Morely | |
Variety Girl | Seg sjølv | ||
Ubeseiret | Abigail «Abby» Martha Hale | ||
En ideell ektemann | Fru Laura Cheveley | ||
1948 | Når enden er god | Martha Pease | |
Screen Snapshots: Smiles and Styles | Seg sjølv | Lita rolle | |
Hazard | Ellen Crane | ||
1949 | Hevnens borg | Lucretia Borgia | |
Anna Lucasta | Anna Lucasta | ||
A Yank Comes Back | Seg sjølv | Ikkje kreditert | |
1950 | The Torch | María Dolores Penafiel | Assisterande produsent
Annen tittel: Bandit General |
1952 | Babes in Bagdad | Kyra | |
1953 | Mordkommisjonen | Mona Ross | Annan tittel: The Girl in Room 17 |
Sins of Jezebel | Jezebel | ||
Paris Model | Betty Barnes | Annan tittel: Nude at Midnight | |
1954 | Charge of the Lancers | Tanya | |
A Stranger Came Home | Angie | Annan tittel: The Unholy Four | |
1964 | Gli indifferenti | Mariagrazia | |
Fjernsyn | |||
År | Tittel | Rolle | Note |
1953-1957 | Ford Theatre | Nancy Whiting
Holly March |
To episodar |
1952 | The Ed Sullivan Show | Seg sjølv | To episodar |
1954 | Sherlock Holmes | Lady Beryl | Ein episode |
1955 | Producers' Showcase | Sylvia Fowler | Ein episode |
1957 | The Errol Flynn Theatre | Rachel | Ein episode |
On Trial | Dolly | Ein episode | |
1959 | Adventures in Paradise | Mme. Victorine Reynard | Ein episode |
What's My Line? | Panelgjest | Ein episode | |
1961 | The Phantom | Mrs. Harris | TV-film |
1972 | The Snoop Sisters | Norma Treet | TV-film
Annan tittel: Female Instinct |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Kildene oppgir noe forskjellige årstall for hennes fødsel, de sveitsiske myndighetene protokollerte denne ved hennes død som 1905, mens den amerikanske folketellingen i 1920 viser at pr 15. april 1910 var foreldrene barnløse mens de bodde på Manhattan. Folketellingen per 1. januar 1920 viser Paulette Goddard (som Pauline G. Levy), 9 år, og boende med sine foreldre in Kansas City, Missouri.
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 3. desember 2010, henta 30. januar 2021
- ↑ «Charlie Chaplin’s Wives». ednapurviance.org. Henta 6. oktober 2010.
- ↑ Haver, Ronald: David O. Selznick's Hollywood, sidene 251 og 259-260 Bonanza Books, 1980, New York. ISBN 0-517-47665-7
- Denne artikkelen bygger på «Paulette Goddard» frå Wikipedia på bokmål, den 30. januar 2021.