Pauliina Feodoroff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pauliina Feodoroff
Fødd 1977 (45 år)
Inari
Yrke filmregissør, skribent, teaterregissør, manusforfattar, kunstnar, miljøvernar, menneskerettsaktivist

Pauliina Feodoroff (fødd i 1977 i Enare) er ein skoltesamisk kunstnar, regissør og manusforfattar frå Finland med røter frå russisk side av grensa. Ho er også ein aktiv forkjempar for samisk kultur og samiske rettar.[1] Frå 2007 til 2008 var ho leiar av Samerådet.[2][3]

Feodoroff blei fødd i Keväjäu’rr i Finland. Familien hennar var opphavleg reindriftsamar ved Suõ’nnjel på Kolahalvøya i Russland, men måtte flytta då grensa blei stengd i 1944.[4]

Ho tok mastergrad i teaterregi og dramaturgi ved Helsinki Theatre Academy i 2002. Ho har vore kunstnarisk leiar ved Takomo teateret og Rospuutto Theatre Group i Helsinki. Ved teaterfestivalen Baltic Circle Helsinki i 2017 var ho kurator for programmet ̒Vuosttaš álbmogat/First Nations.[4] I 2022 var ho representert i den nordiske paviljongen ved Venezia-biennalen, som dette året var ein samisk paviljong.[5]

Pauliina Feodoroff har mellom anna tatt for seg spørsmål kring reindrift og økologisk mangfald i møte med industrialisering og modernisering, som avskoging av finske skogar og gruvedrift i den russiske delen av Sameland.[4]

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

  • 2003 Saamen kadonnut maa
  • 2006 Viimeinen joiku Saamenmaan metsissä?
  • 2007 Kiurrels
  • 2007 Sevetin tytöt
  • 2008 Non Profit
  • 2016 Sparrooabbán

Teaterstykke[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Grønvik, Yngve (14. juni 2017). «– Et rom fylt med bevis på at vi finnes». Sør-Varanger Avis. 
  2. Balto, Piera; Saijets, Maria (13.7.2007). «Riššaluoitin fuolastuhttá» (på nordsamisk). NRK Sápmi. Henta 12.11.2021. 
  3. «Sámiráđi evttohas válljejuvvui Bissovaš forumii» (på nordsamisk). NSR. 25.4.2007. Henta 12.11.2021. 
  4. 4,0 4,1 4,2 «Pauliina Feodoroff», Office for Contemporary Art Norway (på norsk bokmål), henta 9. mai 2022 
  5. «The Sámi Pavilion», Office for Contemporary Art Norway (på engelsk), henta 9. mai 2022