Pauline Hall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pauline Hall

Fødd2. august 1890
FødestadHamar kommune
Død24. januar 1969 (78 år)
DødsstadOslo
OpphavNoreg
Verka somkomponist, musikkritikar

Pauline Hall (2. august 189024. januar 1969) var ein norsk komponist og musikar og ein markant person i norsk musikkliv først på 1900-talet. Mest kjend er ho for å ha vore med på stiftinga av foreininga Ny Musikk, der ho sat som leiar fram til 1961.

Hall var fødd på Hamar. Ho blei utdanna hjå Catharinus Elling i Oslo, i tillegg til i Paris og Dresden. Hall var musikkritikar i Dagbladet i periodane 1934–1942 og 1945–1963.[1]

Ho var formann i Ny Musikk 1938–1961 og president i International Society for Contemporary Music 1952–1953.[1]

I musikken sin var Hall påverka av impresjonismen og fransk nyklassisisme. Ho skreiv orkesterverka Verlaine-suite (1929), Cirkusbilder (1933), Suite fra Julius Cæsar (1950), Suite for 5 blåseinstrumenter (1945) og ulike klaverstykke, romansar og scenemusikk (Kongsemnerne, Hamlet, Troll kan temmes, Lysistrata).[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Pauline Hall». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 19. januar 2018. 
Spire Denne musikkartikkelen som har med Noreg å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.