Pauline Scanlon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pauline Scanlon
FødestadCounty Kerry
OpphavIrland
Sjangerirsk folkemusikk
Instrumentvokal
Verka somsongar

Pauline Scanlon er ein irsk songar frå Dingle i County Kerry. Ho syng irsk tradisjonsmusikk og nyskriven musikk.

Dingle høyrer til det irsktalade området i Irland, Gaeltacht.

Scanlon har sunge profesjonelt sidan ho var 15. Ho har turnert over heile verda saman med Sharon Shannon, og har opptredd på The Late Late ShowRTÉ. I 2003 var ho med på Sharon Shannon sitt album Libertango der ho song «A Case of You», ein song opphavleg skriven av Joni Mitchell.

Det første soloalbumet hennar, Red Colour Sun, kom ut på Daisy Label i 2004 (Compass Records i USA). Det blanda tradisjonell irsk musikk med moderne påverknad. I januar 2006 fullførte ho eit nytt prosjekt med Donough Hennessy saman med Darrell Scott, Kenny Malone, Stuart Duncan og andre. Albumet Hush komut 15. august 2006 på Compass Records.

Scanlon sang bakgrunnsvokal for Belinda CarlisleVoila frå 2007, og for gælisk-americana-artisten Kyle Carey på albuma Monongah og North Star.

Tidleg i 2009 danna Scanlon og Éilís Kennedy ei gruppe dei opphavleg kalla Dingle White Females og seinare Lumiere. Gruppa gav ut debutalbumet Lumiere 11. september 2009 på Sony Ireland. Eit andre album, My Dearest Dear, følgde i mars 2013. Scanlon gav ut soloalbumet Gossamer i mai 2016.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]