Paulus Irgens Odberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Paulus Irgens Odberg

Fødd2. september 1886
Hedrum kommune
Død3. juli 1972 (85 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkeadvokat
BarnPer Odberg
Alle verv

Jens Paulus Irgens Odberg (2. september 18863. juli 1972) var ein norsk sakførar og og Høgre-politikar frå Hedrum i Vestfold. Han var stortingsmann 1937-45 frå valkrinsen Vestfold.

Far hans var gardbrukar på Odberg. Sjølv gjekk han Larvik gymnasium og var frå 1905 vernepliktig offiser. Der etter studerte han ved Universitetet i Kristiania og tok cand.jur.-eksamen i 1909. Han var så eidsvoren fullmektig hos byfuten i Sandefjord frå desember 1910 til februar 1913. 1913/14 gjekk han Krigsskulen og vart utnemnd til sekondløytnant i kavaleriet.

Frå 1914 arbeidde Odberg som overrettssakførar i Sandefjord. I 1919 vart han eigar av farsgarden Odberg, der forpaktar stod for den daglege drifta. Frå 1936 var Odberg offentleg forsvarar i straffesaker ved Sandar heradsrett og Sandefjord byrett.

Odberg var medlem i Sandar heradsstyre frå 1925, varaordførar 1928-31 og ordførar 1931-37. Den siste treårsperioden som ordførar var han formann ved fylkestingssamlingane i Vestfold. Hausten 1936 vart han vald til å representere Vestfold og Høgre på Stortinget. Han var medlem i Kommunalkomiteen til 1940, der etter formann i Finanskomiteen.

Elles var Odberg ei tid styreformann i Privatbanken i Sandefjord og 1935-45 styremedlem i Vestfold Kraftselskap, samt 1936–45 styremedlem i fylkessjukehuset.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]