Paulus Utsi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Paulus Utsi
Statsborgarskap Sverige
Fødd 7. juli 1918
Lyngseidet
Død

2. januar 1975 (56 år)
Porjus

Yrke skribent, lyrikar
Ektefelle Inger Utsi

Paulus Utsi (19181975) var ein samisk poet, reingjetar, lærar og handverkar.[1][2] Han snakka ein overgangsdialekt mellom nord- og lulesamisk.

Utsi vart fødd på Lyngseidet i Troms. Familien hans budde i Noreg om sommaren. Om vinteren flytta dei til traktene ved den svensk-finske grensa i Karesuando. Då han var eit lite barn vart familien tvinga til å flytta langt sørover til nye reinbeiteområde i Jokkmokk i Sverige, på grunn av dei nye reglene som kom etter unionoppløysinga mellom Sverige og Noreg. Dei nye reglene gjorde det nærast umogleg for reindriftssamane å flytta mellom dei to landa med reinflokken. Som vaksen og busett ved Lulevassdraget, måtte han flytta fleire gonger etter kvart som nye vassmagasin vart bygd for å utnytta vasskrafta i Luleelva. Desse opplevingane gav inspirasjon til det mest kjende diktet hans, Goahtoeanan, som er tonesett av Lars-Wilhelm Svonni og utgjeve på plate av mellom anna Tanabreddens ungdom og Catarina Utsi. Catarina Utsi har gjeve ut CD-en Baze dearvan goahtoeanan som inneheld dikt av Paulus Utsi. Dei fleste dikta er tonesette av Catarina Utsi sjølv. Mange av dikta hans gir uttrykk for kampen til det samiske folket og avmakt. Kjærleik til språket, naturen, reinen og visdomen til forfedrane er òg tema i diktninga.

Den einaste boka av Paulus Utsi som vart utgjeven medan han levde er diktsamlinga Giela giela frå 1974. I 1980, etter hans død, vart diktsamlinga Giela gielain gjeven ut. Kona hans, Inger Utsi, var medforfattar. Begge bøkene er tospråklege. Alle dikta er i samisk og svensk versjon. I 1992 kom ei samling av dikta hans, prosaforteljingar, prosafragment, teikningar og bilete ut med Nils Aslak Valkeapää som redaktør, Don čanat mu alccesat. Boka inneheld òg ein presentasjon av Utsi og hans forfattarskap skriven av Valkeapää. I 2000 vart denne samlinga utgjeve i svensk versjon - Följ stigen.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Diktar (1970)
  • Giela giela. Dikt (1974)
  • Giela gielain. Dikt (1980)
  • Don čanat mu alccesat (1992)
  • Följ stigen; texter 1941-1974 (2000)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Om Paulus Utsi; samer.se
  2. «Norrbottensförfattare Paulus Utsi». Arkivert frå originalen 13. august 2010. Henta 23. februar 2011.