Paunkülareservoaret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Paunkülareservoaret i mai 2009.
Foto: Ingvar Pärnamäe

Paunkülareservoaret er det nest største reservoaret i Estland og ligg i Kõue vald i Harju maakond. Det vart bygd i 1960 i Paunkülaelva. Reservoaret var i starten 3,5 km² stort,[1] men har seinare vorte auka til 4,14 km², eller 4,46 km² med øyane som ligg i reservoaret.[2]

I Paunkülareservoaret ligg øyane Seapilli, Tudre og Mustakannu og Mesipuu.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. eestigiid.ee
  2. eelis.ic.envir.ee