Pave Innocens III

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Innocens III
Innozenz3.jpg
Innocentius III
DåpsnamnLotario de' Conti di Segni
Fødd22. februar 1160 (juliansk)
Gavignano
Død16. juli 1216 (juliansk)
Perugia
Valdjanuar 1198
Innsettjanuar 1198
Føregangar:Celestin III
Etterfylgjar:Honorius III

Innocens III (kring 116116. juli 1216), fødd Lotario d'Angani dei conti di Segni, var pave frå januar 1198 til han døydde i 1216.

Sentrale verksemder i pavetida hans var dei siste krosstoga, mellom dei det mislukka fjerde krosstoget, og arbeidet hans for å gjenoppvekka konfliktane frå investiturstriden om kven som hadde overdøme over verdsleg makt, verdslege herskarar eller kyrkja. Han styrka den «gregorianske» retningen i krykja, og ende i skarp konflikt med kongemakta i England, Frankrike, Aragon, Sicilia, Tyskland, Bulgaria, Danmark og Noreg. Han la seg direkte opp i kongeval og utlyste «interdikt» i alle desse landa, eit maktverkemiddel der kyrkja nekta å utføre nattverd og andre heilage sakrament med mindre dei verdslege fyrstane bøgyde av for krava til paven.[1] I norsk historie fell regjeringstida hans saman med baglarane (1196-1217), som stod for mye av det kyrkjelege programmet i konflikten med kong Sverre.

Oppvekst og kyrkjeleg bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Innocens var fødd ca. 1161 i Gavignano ved Roma som Lotario d'Angani dei conti di Segni. Han var son av grev Tasimund av Segno og nevø av pave Klemens III. Ni medlemmer av slekta hans på farssida hadde vore pavar, og mor hans var frå den romerske adelsfamilien Scotti. Lotario blei utdanna i Roma, Paris (under Peter av Corbeil) og Bologna (under Huguccio). Som student i Paris bygde han opp eit nettverk til personar som sidan blei kyrkjelege toppfigurar overalt i Europa, slik som Anders Sunesen, den danske erkebiskopen som sidan sat med ansvaret for krosstog og misjon i heile Baltikum.[2] Latario (Innocens) blei rekna som intellektuell, og som ein dei største ekspertane på kyrkjerett i samtida.

Pave Innocens gjev ei samling preiker til abbed Arnaldus von Cîteaux. Miniatyr frå 1200-talet.

Etter at pave Alexander III døydde reiste han tilbake til Roma og hadde ulike embete under pave Lucius III, pave Urban III, pave Gregor VIII og pave Klemens III. I 1190 blei han utnemnd til kardinal. Pave Celestin III tilhøyrde ei grein av Orsinislekta, som hadde eit langvarig fiendskap med slekta til Lotario, og Lotario forlét derfor Roma under pontifikatet hans og budde i Anagni.

8. januar 1198 døydde Celestin III. Same dagen han blei gravlagd blei Lotario vald til pave med namnet Innocens III. Han lét seg innsetja på minnedagen til apostelen Peter, 22. februar, for å understreka kvar han fekk myndet sitt frå. Han starta viktige brev med formuleringa: «Gjennom meg talar Peter, ja, Kristus sjølv.»

Innocens sitt «gregorianske» program[endre | endre wikiteksten]

Draumen til Innocens III måla av Giotto di Bondone.

Innocens III sine maktkampar med europeiske kongar hadde bakgrunn i hendingane under investiturstriden (1097-1122). Gjennom mellomalderen hadde mange kongar lagt seg opp i bispe- og pavevala, og den tyske keisaren hadde fleire gongar nominert eigne pavekandidatar, med tilvising til den urkyrkjelege doktrinen om at Paven skulle velgjast av «innbyggjarane i Roma og geistlege».[3]

Ein situasjon med to rivaliserande motpavar i 1059 førte året etter til at pave Nikolas II erklærte at paveval skulle utførast av Kardinalkollegiet åleine. Pave Nikolas innstifta ein høgare domsmyndigheit (Curia), og den neste paven, Gregor VII, dikterte 27 teser om den totale og absolutte overhøgheiten til kyrkja over den verdslege makta (Dictatus Papae). Pave Gregor so bannlysing av alle fyrstar som la seg opp i pave- og bispeval, førte til open strid med keisar Henrik IV fram til det blei gjort eit kompromiss i 1122. Men Gregor sin teser levde vidare internt i kyrkja blant dei såkalla «gregorianarane», og Innocens posisjonerte seg som leiaren deira frå første stund.

I dekretet Venerabilem frå mai 1202 gjorde Innocens det klart for dei tyske fyrstane korleis han såg på forholdet mellom keisarriket og pavedømet. Dekretet blei seinare innlemma i kyrkjelovsamlinga. Blant viktige punkt er det at det er paven åleine som har rett til å dømma om ein konge er verdig til å bli keisar, og i tilfelle der to blir valde, er det paven som skal forhandla eller uttala seg til fordel for ein av dei.

Maktkamp med kongane av Frankrike og Tyskland[endre | endre wikiteksten]

Den første gjerningen til Innocens som pave var å gje ordre til kong Filip August av Frankrike om å ta tilbake dronninga si, den danske prinsessa Ingeborg, som han hadde gifta seg med i 1193 og så send av garde til eit fjernt slott morgonen etter. I dei tjue åra som gjekk før han faktisk bøygde av og tok henne tilbake, blei han neddynga av brev frå Innocens med formaningar om rettene til kvinner i ekteskapet – sjølv om Innocens sjølv visste at han var avhengig av støtte frå Filip August om han skulle lukkast i å ta Jerusalem frå muslimane.[4] Men Ingeborg var syster av Valdemar siger, som førebudde seg på krosstog mot Øsel (våre dagars Estland) straks han var krona til konge av Danmark første juledag 1202. Valdemar drog difor ikkje til Øsel berre for å setja ein stoppar for estiske plyndringstokter, men først og fremst i håp om å skaffa syster si eit betre liv – Innocens lønna Valdemar sin krosstogsiver med å leggja press på franskekongen om å ta Ingeborg til nåde.[5]

Sidan Henrik VI hadde døydd i 1197 hadde den tysk-romerske trona stått tom. Innocens nytta seg av dette maktvakuumet til å svekka tysk innverknad i Italia. Den første handlinga hans var å gjenoppra paven si verdslege makt i Roma. Prefekten, som styrte byen som representant for keisaren, svor truskap til paven. Innocens gjorde også krav på å få tilbake Romagna og Ancona frå Markwald av Anweiler, og brukte pavelege troppar for å pressa gjennom dette. Han sytte også for å ta hertugdøma Spoleto, Assisi og Sora frå Konrad av Uerslingen.

Den fire år gamle Fredrik II blei konge over tyskarane. Innocens aksepterte Fredrik sitt krav på trona først etter at han hadde avstått visse privilegium (Dei fire kapitla) som Vilhelm I av Sicilia tidlegare hadde pressa pave Hadrian IV til å innvilga. Innocens innsette deretter Fredrik som konge av Sicilia i november 1198, og arrangerte det slik at den unge kongen gifta seg med enkja etter Emerik av Ungarn i 1209. I 1199 approberte han Den tyske ordenen som ridderorden.

Etter at Henrik VI døydde hadde var to personar blitt valde til keisar: Filip av Swabia og Otto av Wittelsbach. Paven støtta Otto IV, og truga alle som ikkje anerkjende han som keisar med ekskommunikasjon. Paven si aktive verksemd i høve til kongevala er understreka ved at han først fekk Otto av Wittelsbach innsett, og deretter avsett som tysk konge. I 1207 ombestemte Innocens seg, og uttalte seg til fordel for Filip. Han sende kardinalar til Tyskland for å overtala Otto til å trekka seg. Otto valde i staden å få Filip drepen, noko som fann stad 21. juni 1208. På møtet i Frankfurt 11. november 1208 blei Otto anerkjend som konge, og paven inviterte han til Roma for å bli krona som keisar. Kroninga fann stad 4. oktober 1209. Før kroninga måtte Otto lova å gje Spoleto og Ancona til pavestolen og ikkje blanda seg inn i val til kyrkjelege embete. Dette og andre løfte blei nedfelt i stipuleringa frå Neuss, som blei teken opp att i Speyer i 1209.

Kort tid etter kroninga tok Otto Ancona, Spoleto og andre kyrkjelege område og gav dei til vasallane sine. Han invaderte også Sicilia. Dette førte til at han blei ekskommunisert 18. november 1210. Paven fekk dei fleste av dei tyske fyrstane til å fordømma den ekskommuniserte keisaren og til å velja Fredrik II i hans stad. Fredrik gav same løfte som Otto IV og blei krona i Aachen den 12. juli 1215.

Otto, som var nevø av Johan utan land av England, allierte seg med onkelen sin for å kjempa mot Filip August av Frankrike. Han leid nederlag i slaget ved Bouvines (i dagens Belgia) 27. juli 1214. Etter dette mista han all innverknad, og etter at han døydde 19. mai 1218 var det ikkje lenger strid om Fredrik II sin plass på keisartrona.

Konfliktar med kongene i Danmark og Noreg[endre | endre wikiteksten]

Gravmælet til Innocens III.

Konflikten mellom kyrkje og kongsmakt i Europa blei kraftig auka under pave Innocens. Kampen var særleg intens i Danmark, der kyrkja tok aktivt parti i ein langvarig arvefølgjestrid og borgarkrig. Frå ca. 1050 til 1250 låg kongen i latent strid med kyrkjeadministrasjonen der, med straffesystem, kyrkjeskatt (Peterspænge) og lokalt presteunderhald som viktige stridstema.[6] Kongeættlingen Valdemar var ikkje berre prestevigd og biskop, men regjerte som geistleg herskar over Slesvig og gjorde i 1192 krav på den danske trona. Etter militært nederlag truga pave Innocens med å setja Danmark under interdikt dersom ikkje biskop Valdemar fekk tilbake besittelsane sine i Slesvig. På 1200-talet blei striden vidare tilspissa då dei danske biskopane vedtok den såkalla Vejlekonstitutionen, som truga kongen med å nekta geistlege tenester og handlingar, etterfølgd av fleire tilfelle der erkebiskopen nekta å krona danske kongar.[7]

I Noreg var ståstaden til paven representert gjennom baglarane, eit borgarkrigsparti danna i 1196 av biskop Nikolas av Oslo, og biskop Eirik Ivarson i Stavanger, frå 1188 erkebiskop i Nidaros. Baglarane var nært knytte til kyrkja, og den aktive perioden deira fallnesten nøyaktig saman med den til Innocens III. Biskop Nikolas og erkebiskop Eirik var blant dei mest sentrale personane både innan baglarpartiet og i motstanden mot kong Sverre. Sverre ønskte at kyrkha skulle stå delt under biskopene og kongen si leiing, medan biskopane forfekta sjølvstende for kyrkje og overhøgheit over bispeval, indre domssaker, kyrkjeskatt og mynde over gards- og slottskyrkjer. Pave Innocens lyste Sverre i bann etter eit klagebrev frå erkebiskop Eirik.[8] På dødsleiet råda Sverre sonen Håkon Sverresson til å forlika seg med kyrkja, noko han gjorde. Det var dette som gjorde at baglarane kunne akseptera Håkon Sverresson som konge.[9]

Død og gravstad[endre | endre wikiteksten]

Paven døydde i Perugia i Umbria i 1216. Han blei gravlagd i domkyrkja der. I desember 1891 fekk pave Leo XIII leivningane hans flytte til Laterankyrkja.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Norman Davies, Europe - A History, Pimlico, London 1997, side 360.
  2. Kurt Villads Jensen: Korstogene (s. 114), forlaget Cappelen, Oslo 2006, ISBN 82-02-26321-2
  3. Norman Davies, Europe - A History, Pimlico, London 1997, side 336.
  4. Kurt Villads Jensen: Korstogene (s. 114-15)
  5. Kurt Villads Jensen: Korstogene (s. 141)
  6. Benito Scocozza og Grethe Jensen, Danmarks historie, 2004, utg. 2005, s. 54-76
  7. Benito Scocozza og Grethe Jensen, Danmarks historie, 2004, utg. 2005, s. 74-76
  8. Claus Krag, Norges historie fram til 1319, Universitetsforlaget, Oslo 2000, s. 124-125
  9. Jón Viðar Sigurðsson, Norsk historie 800-1300, Det norske samlaget, Oslo 1999, s. 124

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]