Pave Klemens VIII

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Klemens VIII
Clement VIII mosaic.jpg
Clemens VIII
DåpsnamnIppolito Aldobrandini
Fødd24. februar 1536
Fano i Pavestaten
Død3. mars 1605
Roma i Pavestaten
Vald30. januar 1592
Innsett30. januar 1592
Føregjengar:Innocent IX
Etterfylgjar:Leo XI

Pave Klemens VIII (24. februar 15363. mars 1605), opphavleg Ippolito Aldobrandini, var pave for Den katolske kyrkja frå 1592 til 1602.

Pave Klemens VIII var frå ein florentinsk familie og var fødd i Fano. Som far sin blei han utdanna innan kyrkjerett og verka først som advokat fram til han blei utnmend til dommar ved den romerske rotaen, den høgaste kyrkjedomstolen under paven.[1] Han var 45 år gammal før han blei ordinert til prest, og steig deretter i gradene fram til han blei pave 12 år seinare. Den eldre broren hans Giovanni Aldobrandini var biskop og kardinal.

Som leiar for Pavestaten organiserte Klemens VIII ein kristen europeisk allianse mot Det osmanske riket i 1595. Han hjelpte keisar Rudolf II av Det tysk-romerske riket med menn og pengar, og med å knyta alliansar med fyrstane av Transylvania og Valakia. Dette førte til «den lange krigen», hovudsakleg utkjempa i Ungarn, som fortsette etter hans død.

Som juridisk leiar stod paven for eit strengt styre som slo hardt ned på lovbrot både i paveprovinsane Umbria og Marche og blant den romerske adelen. Like etter at han kom på pavetrona fekk han fleire adelsfolk dømde til døden. Han slo også hardt ned på tankar oppfatta som kjetterske, og brende på stake både møllaren Menocchio, som hevda at Gud hadde oppstått frå kaos, og Giordano Bruno, skulda for vranglære.

Klemens forsterka pavelege innstrammingar mot jødar med fleire bullar. Cum saepe accidere frå 1592 la ned forbod mot jødar frå Comtat Venaissin i Avignon å selja nye varer. Caeca et Obdurata frå 1593 gjentok pave Pius V sitt dekret frå 1569 som hindra jødar frå å bu andre stader i Pavestaten enn Roma, Ancona og Avignon. I denne bulla skulda han jødane for å driva med ågerverksemd og å utnytta gjestmilda tidlegare pavar hadde vist dei. I Cum Hebraeorum malitia nokre dagar etter forbaud han lesing av Talmud.[2]

Klemens var pave under jubileumsåret 1600, då 3 millionar pilgrimar valfarta til Roma. Han grunnla Collegio Clementino som ein bustad for slavonske flyktningar og Collegio Scozzese, som lærte opp misjonærar til Skottland.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Engelsk Wikipedia oppgav Johannes Paulus II, ap. con. Pastor Bonus art. 121, 80 Acta Apostolicae Sedis 841 (1988).
  2. Engelsk Wikiedia oppgav Foa, Anna; Grover, Andrea (2000). The Jews of Europe After the Black Death. University of California Press. s. 117. ISBN 0520087658. ; Fragnito, Gigliota. Adrian Belton (trans.). 2001. Church, Censorship and Culture in Early Modern Italy. Cambridge University Press. ISBN 0-521-66172-2. p. 182-183; S. Wendehorst, "Katholische Kirche und Juden in der Frühen Neuzeit" 1.3 "Zensur des Talmud", following Willchad Paul Eckert, "Catholizmus zwischen 1580 und 1848" in Karl Heinrich Rengstorf and Siegfried Kortzfleisch, eds. Kirche und Sinagoge II (Stuttgart, 1970) p. 232.


Emblem of the Papacy SE.svg
føregjengar:
Innocent IX
Pave
(liste over pavar)
etterfølgjar:
Leo XI