Pave Leo XIII
Leo XIII | |||
![]() | |||
Dåpsnamn | Gioacchino Vincenzo Raffaele Luigi Pecci | ||
---|---|---|---|
Fødd | 2. mars 1810 Carpineto Romano | ||
Død | 20. juli 1903 Roma, Vatikanstaten |
Leo XIII (fødd Gioacchino Vincenzo Raffaele Pecci; 2. mars 1810–20. juli 1903) var pave for Den katolske kyrkja frå 20. februar 1878 til han døydde.
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Pecci var fødd i Carpineto Romano i Italia, som det sjette av dei sju barna til Ludovico Pecci og Anna Prosperi Buzzi. Han fekk grunnskuleutdanninga si hjå jesuittane i Viterbo, og studerte deretter ved fleire institusjonar i Roma. I 1836 tok han doktorgrada i teologi, berre 26 år gammal. Få år seinare tok han også ei doktorgrad utroque iuris, det vil seia i både kyrkje- og sivilrett.
Prest
[endre | endre wikiteksten]Han blei prestevigd i desember 1837. På dette tidspunktet var han allereie verksam ved Den romerske kurien.
Erkebiskop
[endre | endre wikiteksten]I 1843 blei han titularerkebiskop av Thamiatis' (Damietta), og blei send som apostolisk nuntius til Belgia. Tre år seinare blei han erkebiskop av Perugia, og utøvde embetet sitt på eit vis som gjorde at han blei svært populær.
Kardinal
[endre | endre wikiteksten]Ved konsistoriet i 1853 utnemnde pave Pius IX han til kardinalprest. I 1877 blei han camerlengo for den katolske kyrkja.
Pave
[endre | endre wikiteksten]Pecci deltok ved konklavet 1878, der han sjølv blei vald til pave. Han blei krona som pave Leo XIII av kardinal Teodolfo Mertel i Peterskyrkja den 3. mars 1878. Kardinal Mertel var den nesteldste kardinaldiakonen. Normalt skulle protokardinaldiakonen, den eldste, ha stått for kroninga, men Prospero Caterini var sjuk og kunne ikkje delta i seremonien.
Som pave arbeidde Leo spesielt for å finna ei forståing av forholdet mellom kyrkja og den moderne verda. I 1864 hadde Pius IX gitt ut Syllabus errorum, ei liste på 80 punkt over det han meinte var dei kjetterske haldningane til det vitskaplege, rasjonalistiske og sekularistiske samfunnet, samtidig som han stadfesta tankane frå skolastikken kring forholdet mellom vitskap og religion. Pius stilte seg likevel ikkje heilt uforsonleg til vitskapen; mellom anna hadde han opna Vatikanarkivet for utvalde historikarar. Leo bygde vidare på dette, og oppretta mellom anna ei rekkje nye seminar som sørgde for ei betre presteutdanning.
Leo var den fyrste paven som uttalte seg til fordel for den franske republikken, noko som opprørte mange franske monarkistar. Han uttrykte likevel skepsis mot fullt demokrati. I tilhøvet til Italia, som hadde vore svært anstrengt etter at Pavestatene blei innlemma i det sameinte Italia i tida til Pius IX, oppnådde han mindre. Han heldt fram den sjølvpålagde innesperringa til paven i Vatikanet, og insisterte på at italienske katolikkar ikkje skulle stemma ved nasjonale val eller ha embete i den italienske staten.
4 august 1879 kunngjorde han at Thomas Aquinas sitt teologiske system skulle reknast som katolsk normalteologi.[1]
Encyklikaen hans Rerum Novarum frå 1891 inneheldt kritikk av både kapitalisme og kommunisme. Verket tok for seg rettar og plikter knytte til arbeid og kapital, og var eit sentralt dokument i utviklinga av den katolske sosiallæra. I dokumentet slo paven mellom anna fast at alle, også arbeidarar, har rett til å danna samanslutningar. Dermed hadde arbeidarane paven på si side i kampen for å danna fagforeiningar. Dette var banebrytande tankar, ettersom det i fleire land i Europa var forbode å danna fagforeiningar; i Tyskland blei dette fyrst tillate etter slutten på fyrste verdskrigen.
I ein annan encyklika, Providentissimus Deus frå 1893, oppmoda han til auka studium av Bibelen, og åtvara mot rasjonalistiske tolkingar som fornekta læra om guddommeleg inspirasjon.
I 1896 kom han med svaret på eit spørsmål som lenge hadde vore uavklart i forhold til Den anglikanske kyrkja, då han i bullen Apostolicae Curae slo fast at anglikanske ordinasjonar ikkje er gyldige etter katolsk sakramentsteologi. Ordinasjonar frå Den ortodokse kyrkja og dei orientalske ortodokse kyrkjene blir rekna som gyldige etter same målestokk. Leo fordømde også frimureri, og forbaud katolikkar å vera medlemmer av Frimurarordenen.
Leo var den fyrste paven som ein spelte inn stemmen av. Opptaket er bevart.
I løpet av pontifikatet hans voks talet på religiøse ordenar, og det blei oppretta mange nye bispedømme.
Då han døydde i Det apostoliske palasset 20. juli 1903, var han den paven som hadde sete tredje lengst, dersom ein reknar med apostelen Peter. Han blei slått av forgjengaren sin Pius IX, og er seinare blitt slått av Johannes Paul II. Leo blei gravlagd i Peterskyrkja, men blei flytta til Laterankyrkja i 1924, då gravmonumentet kardinalane reiste for han der stod ferdig.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Aukrust, Olav (1995): Dødsriket III, Oslo: forlaget Dreyer, ISBN 82-504-2256-2, s. 9
- Denne artikkelen bygger på «Leo XIII» frå Wikipedia på bokmål, den 26. mai 2025.