Hopp til innhald

Pave Leo XIV

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Leo XIV

DåpsnamnRobert Francis Prevost
Fødd14. september 1955
Chicago

Pave Leo XIV (fødd 14. september 1955), døypt Robert Francis Prevost, er nr. 267 i paverekkja. Han blei vald som etterfølgjer for pave Frans den 8. mai 2025.[1]

Leo XIV er den fyrste paven frå USA og den føyste paven frå den katolske munkeorden augustinarane.[2] Han budde mange år i Peru, og var både peruansk og amerikansk statsborgar då han blei vald til pave. Han hadde arbeidd i Vatikanet sidan 2019, og stod nær forgjengaren sin pave Frans. Han er i høgare grad enn denne blitt rekna som ein brubyggjar mellom fløyene i den katolske kyrkja.

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Robert Francis Prevost blei fødd i den amerikanske storbyen Chicago. Mor hans var bibliotekar av spansk avstamming og hans far var lærar og tidlegare marinesoldat av fransk og italiensk avstamming.[2] Han gjekk på ein skule som blei driven av augustinarordenen. Han tok bachelorgrad i matematikk ved katolske Villanova University i Pennsylvania i 1977.[3] Same året slutta han seg til augustinarordenen som novise for etterkvart å bli katolsk prest. Han avla munkeløfte i 1981[4] og blei presteordinert i Rommar i 1982.[5] Frå 1982 til 1987 studerte han kyrkjerett ved Universitá di San Tomaso d'Aquino i Roma, og fekk han ein ph.d.-grad her i 1987.[2]

Prevost utførte størstedelen av prestegjerninga si i Peru, og blei statsborgar i landet i 2015. Han blei fyrst send som katolsk misjonær til landet i 1985. I 1987 blei han ansvarleg for det augustinske utdaningsvesenet i landet. Frå 1988 til 1998 var han sokneprest i ein fattig bydel i byen Tonjillo.[2]

Frå 1998 til 2001 var han leiar for augustinerordenen i Peru. I 2001-2013 var han generalprior for heile den verdsomspennande augustinarorden og hadde sete i Roma, men vende tilbake til Peru då han blei utnemnd til biskop i den peruanske byen Chiclayo i 2014 av pave Frans.[2][3]

Frå 2019 fekk Prevost fleire oppgåver for Vatikanet. Dette året blei han leier for presteskapet (Congregazione per il Clero), og året etter blei han leiar av kongregasjonen av biskopar (Congregazione per i Vescovi). I 2023 blei han utnemnd til erkebiskop med ansvar for Latinamerika.[2]

I 2023 blei Prevost utnemnd til kardinaldiakon av pave Frans, og i februar 2025 til kardinalbiskop.[6] Han var dermed medlem av den romerske kurien, det sentrale embetsverksorganet til den katolske kyrkja, frå 2023. Her fungerte han som leiar for avdelinga av den katolske kyrkja som står for å velja nye biskopar.[7]

Prevost stod pave Frans nær. Prevost blei utnemnd til medlem av fleire pavelege råd, og var med på alle reisene til pave Frans i den siste tida denne hadde som pave.[2]

Som pave heldt Leo på valspråket han hadde teke som biskop: «In illo uno unium», dvs. ‘I den eine Kristus er me eitt.’ Dette er eit sitat frå ei preike av Augustin, og viser dermed til bakgrunnen hans som augustiaermunk og ambisjonen hans om å vera ein brubyggjar. Det peruanske bispedømet hans var sterkt splitta mellom radikale frigjeringteologar og ultrakonservative prestar som var sterke motstandarar av reformønska til pave Frans. Prevost blei kjend som ein brubyggjar i bispedømet.[2]

  1. «Amerikaner valgt som ny pave - kalder sig Leo den 14.», DR (på dansk), 8. mai 2025, henta 29. mai 2025 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 14. «Leo 14.» i Store norske leksikon, snl.no., besøgt 10. maj 2025.
  3. 3,0 3,1 «Rinunce e nomine, 03.11.2014» (Press release) (på italiensk). Holy See Press Office. 3. november 2014. Henta 21. november 2020. 
  4. 14. «Leo 14.» i Store norske leksikon, snl.no., besøgt 10. maj 2025.
  5. «Robert Francis Cardinal Prevost [Catholic-Hierarchy]». www.catholic-hierarchy.org. Henta 21. marts 2025. 
  6. «Resignations and Appointments, 06.02.2025» (Press release). Holy See Press Office. 6. februar 2025. Henta 6. februar 2025. 
  7. Stor overraskelse: Den nye pave er kardinal fra USA. Artikel på politiken.dk 8. maj 2025.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Pave Leo XIV