Hopp til innhald

Pave Nikolas V

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pave Nikolas V

Nicholas V
DåpsnamnTomaso Parentucelli
FøddTruleg 15. november 1397
Sarzana
Død24. mars 1455
Roma
Saligkåra:1455
Føregangar:Eugenius IV
Etterfylgjar:Callistus III

Pave Nikolas V, opphavleg Tommaso Parentucelli (15. november 139724. mars 1455) var pave frå 1447 til han døydde i 1455.[1] Han var ein humanist som støtta kunst og vitskap, og er rekna som som den fyrste renessansepaven.[1]

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Tommaso Parentucelli var fødd i Sarzana i Liguria i Italia. Før han blei vald til pave visekansellist frå 1443 var han erkebiskop av Bologna frå 1444 og kardinal frå 1446, med Santa Susanna som tittelkyrkje. Etter eit konklave i Roma på berre to dagar og 18 deltakande kardinalar blei han vald til pave den 6. mars 1447, og krona 19. mars.

Den fyrste store framgangen hans var då det store skismaet endeleg blei overvunne då (mot)paven som var innsett av Baselkonsilet, Felix, trekte seg i 1449. Så følgde det svært vellykka heilage året 1450, og keisarkroninga av Fredrik III i 1452. Alt dette bidrog til å styrkja prestisjen til pavedømmet etter mange tiår med nærast ynkeleg omdømme.

Samtidig representerer Nikolas V slutten på den såkalla konsiliarismen. Den autokratiske sjølvforståinga og regjeringsstilen til paven utløyste motstand i Kyrkjestaten, og i 1453 braut det ut eit opprør i Roma som snart slo feil. Same år erobra dei osmanske tyrkarane Konstantinopel, noko som gjorde det klart for paven at oppmodinga frå kyrkja om ei europeisk eining for å forsvara den kristne europeiske kulturen mot muslimane hadde slått feil.

Som byggherre, kunstmesen og fremjar av den humanistiske rørsla utretta pave Nikolas store ting. Han går for å vera den fyrste verkeleg humanistisk danna paven, og grunnla Vatikanbiblioteket.

Humanisten Giannozzo Manetti skildrar i sin biografi av paven det omfattande programmet hans for fornying av Roma, eit program han berre fekk byrja på: Restaurering av alle dei 40 stasjonskyrkjene, gjennomgripande ombyggingar av Vatikanet og utvidingar av festningsverket. Han byrja også på ei utviding av Peterskyrkja. Nikolas V tenkte ikkje berre på kyrkjer og palass, men utbetra også gater, bruer, vassleidningar, brønnar og forskansingsverk. Han gav fleire oppdrag, til målarar, ikkje minst Fra Angelico.

Nikolas V og Noreg[endre | endre wikiteksten]

Nikolas V var involvert i striden om val av erkebiskop av Nidaros etter at Aslak Bolt døydde. Både han, domkapittelet og kong Kristian I av Danmark og Noreg hadde kvar sin kandidat til embetet. Kandidaten til paven var Henrik Kalteisen, kandidaten til domkapittelet var Olav Trondsson, og kandidaten til kongen var biskop Marcellus av Skálholt. Mannen paven støtta vann valet, og Kalteisen blei vald til erkebiskop av Nidaros 28. februar 1452. Han var ein upopulær erkebiskop, og sa frå seg embetet i 1458.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Pave Nikolas V